Meny
Velg avdelinger Framside
Artikkel
Stasjonsvegen 26B 4350 Kleppe
Telefon: 51 42 97 00 Send e-post til oss
Redaktør: Sigurd Ravndal
Visma FLYT skule
Pålogging Visma FLYT
Min Timeplan
Min Timeplan
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<april 2024><<
april 2024
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29300102030405
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Elevundersøkinga
Elevundersøkinga
Arbeidsveke 4.6. t.o.m. 8.6.

ARBEIDSVEKA for 9.trinn veke 23 i 2018. Månd 4.6. t.o.m. 8.6.  

Informasjon til føresette.  

Elevane har gjennom faget Utdanningsval vore gjennom fleire trinn for å bli mest mogleg kjende med og sikre på kva tilbod som finst etter ungdomsskulen. Søknaden til vidaregåande skule skjer i januar/februar på 10.trinn. På 9.trinn har elevane delteke på fagdag, mulighetsdag og hospitering. Før påske skal elevane gjennomføra opplegget «økonomi og karriereval» på skulen. Og i veke 23 er det arbeidsveke. Der får dei delta i praktisk arbeid, dei får også innsikt i arbeidsoppgåver og krav til utdanning der dei er.

I størst mogleg grad ynskjer me at elevane skal få velja arbeidsplassen sjølv. Me rår også til at de som føresette saman med eleven tenkjer på om det let seg gjera å finna ein arbeidsplass innafor det interesseområdet eleven har med tanke på kva dei vil velja av retning på vidaregåande skule. Dette vil ikkje vera like lett for alle, men snakk om det og prøv.   Alt nå bør elevane prøva å finna seg arbeidsplass. Dei skal fylgja vanleg arbeidstid – altså ikkje skuletid – for å få innblikk i korleis arbeidsdagen er når dei sjølv kjem ut i arbeid.   Etter arbeidsveka skal elevane levera inn ein rapport til kontaktlæraren der dei skriv om dei erfaringane og tankane dei har gjort seg undervegs og etter arbeidsveka. I rapporten skal dei fortelja kva arbeidsoppgåver dei har hatt, om arbeidsforhold, utdanning, løn, arbeidstid osv.   Elevane får dekka reiseutgifter ved å levera kvittering frå buss/tog etter arbeidsveka. Dersom det er elevar som finn seg arbeidsplass langt frå skulen (t.d. på andre kantar av landet); kan ikkje skulen dekkja slike utgifter.   På førehand skal elevane læra å skriva søknad på arbeid – dette gjer dei på skulen.   Elevane får med seg eit avtaleskjema som skal fyllast ut av bedrifta, eleven og skulen. Dette skal skulen ha tilbake, medan eleven og bedrifta får kopi av avtalen.   Dersom eleven ikkje har skaffa seg arbeidsplass innan påske, må de kontaka kontaktlærar.  

Avtaleskjema og reiserekning finn dykk vedlagt oppe til høgre

Lykke til!  

Marit Osland rådgjevar