Meny
Velg Forside
1. trinn
2. trinn
3. trinn
4. trinn
5. trinn
6. trinn
7. trinn
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<oktober 2017><<
oktober 2017
mtotfls
25262728293001
02030405060708
09101112131415
16171819202122
23242526272829
30310102030405
okt
23
2017
NP - Lesing - 5. trinn
kl 8:45-11:00
okt
24
2017
FN-samling med 7. trinn og skolekor
kl 10:00-10:30
Værvarsel fra yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Mat og helse

Grunnleggjande ferdigheiter

Å kunne uttrykkje seg munnleg og skriftleg i mat og helse kan vere å gjere greie for smak, lukt og estetikk. Innsikt i fagstoff er knytt til munnlege presentasjonar og skriftleg arbeid. I samband med måltidssituasjonar blir kommunikasjon gjennom samtalar viktig. Munnlege ferdigheiter i faget mat og helse er knytte til det å gjere greie for praktiske problem og formulere spørsmål, og til det å argumentere og kommunisere idear i faget i samtale med andre. Skriftlege ferdigheiter kan vere å skrive eigne oppskrifter og framgangsmåtar, lage invitasjonar og illustrasjonar og vurdere aktivitetar.

Å kunne lese i mat og helse inneber å granske, tolke og reflektere over faglege tekstar med stigande vanskegrad. Det handlar om å kunne samle, samanlikne og systematisere informasjon frå oppskrifter, bruksrettleiingar, varemerking, reklame, informasjonsmateriell og andre sakprosatekstar, og vurdere dette kritisk ut frå føremålet med faget.

Å kunne rekne i mat og helse er viktig i praktisk arbeid med oppskrifter. Det er òg viktig for å kunne vurdere nærings- og energiinnhald og samanlikne prisar på varer.

Å kunne bruke digitale verktøy i mat og helse gjer det mogleg å søkje etter informasjon, samanlikne og vurdere næringsinnhald og presentere fagleg innhald.

Fullstendig læreplan for mat og helse finnes på på nettsiden til Utdanningsdirektoratet