Arkitektur som tema på 8. trinn
Publisert: 10.01.2012 skrive av: Tone Marit Romarheim
 |
| Hytte i Brasil |
Elevane har over ein periode arbeida som arkitektar. Dei har utforma si eiga hytte og plassert den ein stad i verda. I dette arbeidet henta dei inspirasjon frå andre hus og utvikla vidare sine eigne idear. Så laga dei fasadeteikningar og planteikningar i målestokk 1:20 som dei har brukt når dei laga desse modellane i arkitekturpapp. Utstillinga finn du på skulen utanfor kontoret. Klikk på "les meir" for å sjå fleire bilete
Søknad om fri for elevar
Publisert: 08.08.2011 skrive av: Cato Risøy
Dersom de søkjer eleven dykkar fri ein eller to dagar, nyttar de meldingsboka som før. Dersom de søkjer eleven fri i meir enn to dagar, brukar de skjemaet som Lindås kommune har utarbeidd.
De kan senda ferdig utfylt skjema med eleven, eller de kan senda det på epost. Ver ute i god tid, helst ein månad på førehand, eller så snart de veit om det.
Lovane som gjeld om føring av fråver finn det her.
Verdsdagen for psykisk helse
Publisert: 23.09.2011 skrive av: Anne Julie Hetland
Fredag 7. oktober, dagen før haustferien, markerer vi Verdsdagen for psykisk helse . Markeringa vil vare rundt ein halvtime.
Verdsdagen for psykisk helse er ei årleg markering som blir halden over heile verda den 10. oktober. I Noreg blir dagen gjerne markert i perioden frå 1. – 10. oktober kvart einaste år.
Elever mot mobbing
Publisert: 15.09.2011 skrive av: Anne Julie Hetland
Fredag 9. september markerte skulen avslutninga av prosjektet om digital mobbing.