Meny
Velg Trinn eller SFO Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Tilgjengelegheitserklæring
Tilgjengelegheitserklæring
Gå til skulen aksjon

"Gå til skulen aksjon"

Måndag 19.september markerte Lye skule starten på "Gå til skulen" aksjonen 2016 /17. Me hadde besøk av ordføraren og ein representant frå Trygg Trafikk. Dei fortalde elevane om korleis me skal opptre i trafikken.


Målet med aksjonen er at  barn og unge skal vera meir fysisk aktive. Barn bør vera aktive i leik eller annan aktivitet, minst 60 minutt kvar dag. «Gå til skulen» aksjonen skal stimulera elevane til dagleg fysisk aktivitet. Barn som går til og frå skulen, får brukt energi, dei er sosiale saman med venner og dei kan oppdage spennande ting på vegen. I tillegg set me fokus på tryggleiken på skulevegen og korleis elevane skal opptre i trafikken. Det går mot mørkare morgonar og det er viktig å bli sett, difor ber me alle om å ha refleks, allereie no.