Meny
Velg Trinn eller SFO Framside
Kvartsvegen 5B 4347 Lye
Telefon: 51776081 Send e-post til oss
Redaktør: Sigrid H. Kjetland
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Tilgjengelegheitserklæring
Tilgjengelegheitserklæring

Velkommen til Lye skule si heimeside. Her kan du enkelt finne informasjon som er nyttig for deg som føresett.

I menyen til høgre finn de vekeplanane og informasjon frå trinna, FAU/SU, elevrådet, SFO, helsestasjon, sosiallærar o.a. All anna informasjon finn de i menyen til venstre.

Hugs å abonnere på nyheiter ved å trykke "abonner på nyheiter" i menyen til høgre.


Kan hentast i administrasjonen.

🧑‍👱‍♀️Kan det å la elevene samarbeide på mer systematiske måter, føre til mer engasjert læring?
💡JA, mener lærerne Janeth Lime Kleppa og Margrethe Hauge fra Lye Skule i Rogaland!

🎧I den nyeste episoden av Engasjerende undervisning kan du høre om hva samarbeidslæring er, og hvordan det har fungert på tredje trinn hos Janeth og Margrethe. Du finner podkasten her: https://nettop.guru/wordpress/nar-samarbeidslaering-engasjerer-elevene/ eller der du ellers lytter til podkast!

Fleire dagar med kuldegrader har ført til at det er is på mange av vatna i kommunen.

I samband med dette vil me oppmoda alle føresette om å snakka med barna/ungdommane sine om ferdsel på islagde vatn. For eksempel at barn ikkje bør gå ut på isen før dei vaksne har sagt at dette er trygt. 

Nokre vatn der det er mykje straum, som for eksempel Mølledammen og Frøylandsvatnet, er aldri trygge. 

Du finn fleire råd på kommunen si nettside: Tenk tryggleik ved ferdsel på islagde vatn - Hovedportal (time.kommune.no) 



Måndag og tysdag denne veka fekk elevane vera med på håndballskule og håndballturnering. Tusen takk til Lye idrettslag og spesielt Anette Håland Kvalbein som tok initiativ til dette kjekke arrangementet. 

Til føresette på 7. trinn

Ny opplæringslov vart vedteken 09.06.23 og skal tre i kraft med verknad frå 01.08.24. Ei av
lovendringane er at elevane på 8.- 10. trinn sjølve kan velja kva målform dei vil ha som hovudmål.

Hovudmålforma i Time kommune er nynorsk. Dette medfører at elevar som hausten 2024 skal byrja
på ungdomstrinnet, må velja om dei heller ønsker bokmål som hovudmål. Dersom det er 10 eller
fleire elevar på eitt trinn på ein ungdomsskule som vel bokmål, har dei rett til å gå i eiga gruppe.
Dersom det er færre enn 10 elevar, men det er 10 eller fleire elevar på tvers av ungdomsskulane som
vel dette, kan kommunen vedta kva skule som skal oppretta bokmålsgruppe. Dette kan medføra at
elevar som ønsker bokmål, må gå på ein annan skule enn nærskulen.

I Time kommune kan elevar som skal starta på 8. trinn velja ein annan skule enn nærskulen. Som del
av fordeling av ressursar til skulane, er det behov for å få ei oversikt over elevtal og kva målform
elevane vel på den enkelte ungdomsskulen. Frist for å velja anna skule enn nærskulen er 01.12.23.
Frist for å velja målform er 15.12.23.

Ved hjelp av føresette vel elevar som skal starta på 8. trinn kva målform dei ønsker som hovudmål på
ungdomstrinnet, ved å nytta eige skjema. Lenke til skjemaet blir sendt ut i melding og e- post i appen Visma Flyt skule

Lenke til ny opplæringslov

§ 3-1.Bokmål og nynorsk for elevane i grunnskolen

Elevane skal ha opplæring i bokmål og nynorsk. Departementet kan gi forskrift om fritak frå opplæring i eitt av skriftspråka for elevar som får opplæring etter §§ 3-2, 3-3, 3-4 eller 3-6.

Elevar på 1. til 7. trinn skal i det skriftlege arbeidet bruke det skriftspråket som kommunen har vedtatt som hovudmål for skolen. Foreldra til elevane vel om læremidla skal vere på bokmål eller nynorsk. Elevar på 8. til 10. trinn vel sjølve om dei skal bruke bokmål eller nynorsk som hovudmål, og om læremidla skal vere på bokmål eller nynorsk.

Når minst ti elevar på eitt av trinna 1 til 10 i ein kommune ønskjer eit anna skriftspråk som hovudmål enn det som er vedtatt for skolen, har dei rett til å bruke og å få opplæring på dette skriftspråket i ei særskild gruppe. Går ti eller fleire av desse elevane på den same skolen, har dei rett til å få opplæringa der. Er elevane spreidde på fleire skolar i kommunen, avgjer kommunen kva skole dei skal få opplæringa på. Retten til å få opplæring i ei særskild gruppe står ved lag så lenge det er minst seks elevar att i gruppa.

Dersom skolestrukturen i kommunen gjer at elevar må overførast til ein skole med eit anna hovudmål enn elevane hadde på 1. til 4. trinn, har dei rett til å bruke og å få opplæring på det hovudmålet dei hadde. Dei har rett til opplæring i faget norsk i ei særskild gruppe, same kor mange dei er.


Me ber om at føresette minner elevane på at dei må bruka fortau og sykkelstiar, og ikkje gå langs hovedvegen, når dei skal til skulen. Det kan fort oppstå farlege situasjonar, spesielt nå i den mørkaste tida på året.

- Elever som skal starta i 1. trinn får i november brev om kva skule dei høyrer til. Elevar som skal starta i 8. trinn får informasjon om dette i Visma Flyt skule etter 1. oktober.
- Det er rettleiande skulekrinsar i Time. Dette medfører at ein kan søkja om anna skule enn nærskulen for elevar som skal starta i 1. trinn og 8. trinn. Søknadsfrist for dette er 1. desember før komande skuleår. Innvilga vedtak er gjeldande for den tida eleven er elev i barneskulen/ ungdomsskulen.
- Søknader som kjem inn etter 1. desember vil berre bli vurderte dersom eleven vil ha rett på plass etter nærskuleprinsippet (opplæringslova §8.1)

Elev i Timeskuen


I vår arrangerte Lye skule solidaritetsaksjon. Tusen takk til alle som støtta aksjonen. Hei Verden støttar utdanningsprosjekt i Laos, Bangladesh, Zambia og Peru. 


På jaerskulen.no  kan du no lesa om samarbeidslæring som er ein undervisningsmetode som også blir brukt på Lye skule.