Meny
Velg Trinn eller SFO 6. Trinn
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Kan hentast i administrasjonen.

Fleire dagar med kuldegrader har ført til at det er is på mange av vatna i kommunen.

I samband med dette vil me oppmoda alle føresette om å snakka med barna/ungdommane sine om ferdsel på islagde vatn. For eksempel at barn ikkje bør gå ut på isen før dei vaksne har sagt at dette er trygt. 

Nokre vatn der det er mykje straum, som for eksempel Mølledammen og Frøylandsvatnet, er aldri trygge. 

Du finn fleire råd på kommunen si nettside: Tenk tryggleik ved ferdsel på islagde vatn - Hovedportal (time.kommune.no) 



Me ber om at føresette minner elevane på at dei må bruka fortau og sykkelstiar, og ikkje gå langs hovedvegen, når dei skal til skulen. Det kan fort oppstå farlege situasjonar, spesielt nå i den mørkaste tida på året.

Klikk på lenka for å svare på elevundersøkinga.

Logg inn for å svare på undersøkelsen - UDIR - påloggingstjenesten

 


Alle elevar har rett til eit trygt og god skulemiljø som fremmer helse, trivsel og læring.   
Me vil at alle våre elevar skal oppleva ein inkluderande, trygg og god skulekvardag.  
Om de opplever dykkar barn ikkje har det trygt og godt, vil me at de skal gje beskjed til oss på skulen. Dette gjeld og om de er usikker på om eleven dykkar har det bra på skulen.  

 


Skulen har fått ei henvending om at det er barn/ ungdom som spelar basketball på skulen sitt område etter kl. 23.00. For å oppretthalde eit godt naboskap og respektere nattero, ønsker vi å gjere dykk føresette merksame på problemet. Om du har barn som er ute på denne tida, er det ønskeleg at du tek ein prat om at ein på offentlege stader pliktar å overhalde nattero etter kl. 23.00 og fram til kl. 06.00. 

Ber om at alle som skal levere og hente elevar på skulen eller SFO bruker den store parkeringsplassen rett over skulen, ikkje parkeringsplassen til Forsamlingshuset. Den er kun for dei som har ungar i Sporvongane barnehage. Me ser at det kan oppstå trafikkfarlege situasjonar når mange stopper i det området. 

Takk! 


Det er no opna for bestilling av skulemjølk og skulefrukt for skuleåret 2023/2024

Skolelyst, mjølkebestilling her

Skolefrukt, bestilling her


Solbrille med styrke funnet i atriet fredag 5. mai 2023.