topLogoSpacer
 

Lye ungdomsskule

Mimring: Stemningsbilete under og etter snøkaos
Publisert: 15.12.2012 skrive av: Sigurd Ravndal

Nå er det ferietid, og tenkte me kunne mimra litt tilbake til midt i desember 2012, då skulen blei stengt fleire dagar.

God sommar!
Med varm helsing Sigurd 

 

Jørn Serigstad har sendt meg ein del bilete-rapportar frå skulen vår:

picture
Inngangspartiet ved mediateket.

Lye ungdomsskule støttar app mot mobbing i skulen
Publisert: 07.03.2013 skrive av: Sigurd Ravndal

At alle skal ha det godt er det viktigaste på ein skule. Sjølvsagt er læringa i faga det skulen er laga for, men viss elevar ikkje er trygge og har det bra, blir timane på skulen utan god læring.

Den lanserte appen "Stopp mobbing i skolen" ser me som ei nyttig støtte for elevar og foreldre/føresette. Me oppfordrar alle som kan å laste ned denne gratis appen. Den gir hjelp til både dei som har opplevd noko ugreitt, og for elevar som kjenner seg som mobbarar.

Les meir om Aftenbadet sin lansering her.

NyGIV på Lye ungdomsskule
Publisert: 01.02.2013 skrive av: Sigurd Ravndal

picture
 

For regjeringen er det en hovedsak å få flere ungdommer til å fullføre videregående opplæring.  Ny GIV er en nasjonal dugnad som er etablert for å få det til. - Alle gode krefter lokalt og nasjonalt må nå dra i samme retning slik at flere ungdommer fullfører og består videregående opplæring, sier kunnskapsminister Kristin Halvorsen.

Kjelde: NyGIV, regjeringen.no

Høg trivsel og gode resultat i siste Olweusundersøking
Publisert: 07.12.2012 skrive av: Sigurd Ravndal

Heile 96,5 % av elevane på Lye ungdomsskule trivst godt eller svært godt på skulen vår. Ingen svarer at dei trivst dårleg. 

Det er 3,6 % som svarer at dei blir mobba 2-3 gongar i månaden eller oftare. Dette er den lågaste mobbeprosenten som er registrert ved skulen vår. Me vil fortsetja arbeidet med at alle skal ha det godt på skulen, og arbeida aktivt i sakar der elevar ikkje har det greitt.

Dette er resultat som elevar, foreldre og lærarar kan vera stolte over.

fileicon 
Lye ungdomsskule oppsummering Olweus 2012_13.pdf

 

Nasjonale prøvar
Publisert: 07.12.2012 skrive av: Sigurd Ravndal

Resultata i dei nasjonale prøvane er klare. Både 8. og 9. trinn sine resultat er bra samanlikna med kommunen, fylket og landet.

Sjekk ut resultata i fila under. Her får du samanlikna med kommune etc, men og utviklinga over tid. 

 

fileicon 
Lye ungdomsskule oppsummering nasj 2012_13 pdf.pdf

Sjå fleire artiklar >>

 
 
.