Meny
Velg trinn eller SFO Framside
Besøksadresse: Ola Barkvedsveg 16 4340 Bryne
Time kommune, Bryne skule Postboks 38 4349 Bryne Telefon: 51776400 Send e-post til oss
Redaktør: Heidi Barvik
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Kjekk dag på skulen.
Elevrådet 5.-7. trinn starta dagen med møte (innspel til skulekrinsgrenser) før det var tid for karneval. 
Vidle gjeng. 

GOD VINTERFERIE FRÅ BRYNE SKULE OG ELEVRÅDET 

 
Elevane på 1. og 2. trinn får gratis kjernetid i SFO.  I Time kommune er gratis kjernetid definert som 3 dagarstilbodet. 2 dagars tilbodet vil og vera gratis for denne gruppa. Om føresette på 1. og 2. trinn ønskjer tilbod om 4 eller 5 dagar, vil prisen på eit 3 dagarstilbod bli trekt frå prisen på det tilbodet føresette vel.   
Frå august 2024 vil tilbodet om gratis kjernetid og gjelda elevar på 3. trinn. Dei same prisane som no gjeld for 1.-2. trinn, vil då og gjelda dei.  
Matpengar er rekna utanom pris på tilbodet. Dette må ein betala i tillegg. 

Fleire dagar med kuldegrader har ført til at det er is på mange av vatna i kommunen.
 I samband med dette vil me oppmoda alle føresette om å snakka med barna/ungdommane sine om ferdsel på islagde vatn. For eksempel at barn ikkje bør gå ut på isen før dei vaksne har sagt at dette er trygt. 
Nokre vatn der det er mykje straum, som for eksempel Mølledammen og Frøylandsvatnet, er aldri trygge. 
Du finn fleire råd på kommunen si nettside: Tenk tryggleik ved ferdsel på islagde vatn - Hovedportal (time.kommune.no)
 Tenk tryggleik ved ferdsel på islagde vatn - Hovedportal (time.kommune.no)
Pamela Sudmann
Skulesjef, Time kommune
938 30 972


Ny opplæringslov vart vedteken 09.06.23 og skal tre i kraft med verknad frå 01.08.24. Ei av lovendringane er at elevane på 8.- 10. trinn sjølve kan velja kva målform dei vil ha som hovudmål.  

Det er nå opna for bestilling av skulemjølk for skuleåret 2023/2024.

Hugs neste års klasse for barnet ditt.
Nye 1. trinn til hausten må vente til klassane er klar.

Mjølkebestilling her   skulemjølk


2. mai 2023 blir Visma “Hjemmeweb” erstatta med “Foresattportal”. 

Det er i hovudsak utsjånaden som blir endra. De vil ha tilgang til same informasjon og funksjonar som tidlegare. De kan framleis bruke den same linken som ligg på skulen si heimeside. 



Det vil frå 1.august 2023 vera gratis kjernetid i SFO for 1. og 2.klasse. 
I Time kommune vil det då vera gratis 2 og 3 dagars plass for desse. Matpengar kjem i tillegg.

- Elever som skal starta i 1. trinn får i november brev om kva skule dei høyrer til. Elevar som skal starta i 8. trinn får informasjon om dette i Visma Flyt skule etter 1. oktober.

- Det er rettleiande skulekrinsar i Time. Dette medfører at ein kan søkja om anna skule enn nærskulen for elevar som skal starta i 1. trinn og 8. trinn. Søknadsfrist for dette er 1. desember før komande skuleår. Innvilga vedtak er gjeldande for den tida eleven er elev i barneskulen/ungdomsskulen.

- Søknader som kjem inn etter 1. desember vil berre bli vurderte dersom eleven vil ha rett på plass etter nærskuleprinsippet (opplæringslova §8.1)

 Elev i Timeskulen - Hovedportal