Meny
Velg seksjon Framside
Roslandsvegen 366 4343 ORRE
Telefon: 51789070 Faks: 51789071 Send e-post til oss
Redaktør: Kenth Magne Åsebø-Trodal
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
På onsdag hadde 1.trinn ein veldig kjekk dag med gardsbesøk hos Olav Wiig. 

4. og 5. trinn har vore på ein fantastisk tur til Salteskogen i dag. Vêrgudane slo på stortromma og serverte sol og vindstille.

I dag vart det arrangert karneval i siste friminutt.

I naturfag står det at elevane skal utforska, laga og programmera teknologiske system som består av delar som verkar saman.

I faget kunst og handverk skal me førebu elevane på eit kvardags- og arbeidsliv som stiller krav om innovasjon, praktiske ferdigheiter og evne til å gjera estetiske og etiske val.

 

Velkommen til Vardheia ungdomsskule

Me er i full gang med å planlegga og legga til rette for dei nye elevane som skal starta opp hos oss i august. Fyrste foreldremøte blir allereie torsdag 15. februar kl. 18.30 på Vardheia ungdomsskule Her vil de få informasjon om skulen vår, valfag og språkval. I forkant og noko i etterkant av dette møtet har me besøkt barneskulane, slik at barna dykkar har fått same informasjonen. Andre foreldremøtet om oppstarten i august, vil me ha torsdag 13. juni kl. 18.30, på same stad. Dei nye elevane blir inviterte til å koma fredag 14. juni, for å treffa klassen, lærarane og omvisning på skulen. Me gler oss til ny oppstart og til å møta borna dykkar. Vennleg helsing alle vaksne på Vardheia ungdomsskule.


Turen gjekk til Knaben i Kvinesdal kommune. Me reiste måndag morgon og kom heime igjen fredag formiddag.

I forbindelse med at 2. trinn på Orre skule har hatt «Pippi Langstrømpe» som tema, har borna laga kjepphestar i kunst og handtverk. Kjepphestane skulle forestille «Lilla Gubban» som er hesten til Pippi. I dag, 17 Januar, vart det arrangert «Kjepphest-løp» ute på skuleområdet som ei avslutning på prosjektet. Ungane fekk også leika fritt med kjepphestane etter løpet. Kjempekjekt når det er ein «raud tråd» i det vi held på med på skulen. Dette var ein suksess🥳

Video 1

Video 2


Resultata frå nasjonale prøve på Orre skula, for skuleåret 2023/2024

Vi ønsker med denne filmen alle ei riktig god jul og eit godt nytt år! :) 

Beste helsing 
Alle tilsette ved Orre skule