Meny
Velg trinn/seksjon Framside
Sveinsvollsvegen 5 4340 Bryne
Telefon: 51 77 64 40 Send e-post til oss
Redaktør: Elsa Djuve Jerstad
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt

Vekas friminuttsaktivitet

''Hengekøye'' 

 

Alle elevar på 4.–10. trinn er inviterte til å delta i ei spørjeundersøking om mobbing, venskap og trivsel på skulen.

Velkommen til Møllekjellaren i vinterferien! 

Me er i full gang med å planlegga og legga til rette for dei nye elevane som skal starta opp hos oss i august for skuleåret 2024/2025. 

Me hadde eit veldig kjekt vinterball for elevane våre torsdag kveld. Det såg ut som om alle kosa seg og hadde det triveleg.

Temperaturen blei veldig høg i diskoteket mot slutten av kvelden, men det ser me på som teikn på god danseaktivitet.

Tusen takk til elevrådet som arrangerte ballet, og til Are og Leopold som var fantastiske dj'ar og laga god stemning, og mange takk til 40 føresette som var vakter og som bidrog til eit trygt og godt miljø.


Hei verden takkar oss for flott solidaritetsinnsats for Hei verden. Innsatsen vår er viktig for Hei verden, og det vil vera med på å sikra retten til utdanning for barn som lever i fattigdom i blant anna Bangladesh. I år samla med inn 80 464 kr. Bra jobba av alle trinn!

Torsdag 25. januar vil elevrådet arrangera vinterball på skulen. 

Ballet varer frå kl. 19.00-23.00 og det kostar kr 150 og inkluderer pizza og brus. 

Klassekontaktane får i ansvar å skaffa vakter frå kvar klasse og dei tilsette på Møllekjellaren vil også vera med oss den kvelden. 

Innbetaling til ballet: 150 kr kan betalast til Bryne ungdomsskule sitt VIPPS nummer: # 546674 - Merk betalingen med Vinterball, namn på elev og kva klasse eleven går i. Eleven viser kopi/bilete av kvittering/betaling til kontaktlærar som kryssar av på klasseliste. 

FRIST: FREDAG 19. JANUAR KL. 15.00.

Fjorårets ball var veldig kjekt og me trur det kjem til å bli like kjekt i år også.


Fleire dagar med kuldegrader har ført til at det er is på mange av vatna i kommunen.
I samband med dette vil me oppmoda alle føresette om å snakka med barna/ungdommane sine om ferdsel på islagde vatn. For eksempel at barn ikkje bør gå ut på isen før dei vaksne har sagt at dette er trygt. 
Nokre vatn der det er mykje straum, som for eksempel Mølledammen og Frøylandsvatnet, er aldri trygge. 

Du finn fleire råd på kommunen si nettside: Tenk tryggleik ved ferdsel på islagde vatn - Hovedportal (time.kommune.no) 

https://www.time.kommune.no/aktuelt/tenk-tryggleik-ved-ferdsel-pa-islagde-vatn.9157.aspx


Me her på Bryne ungdomsskule vil takka alle elevar og føresette for godt samarbeid denne hausten.

God jul til alle!

Første skuledag etter ferien er onsdag 3. januar 2024.


Til info: Det blir berre sal av meieriprodukter i kantina dei siste dagane før jul. 

Elevrådet arrangerer Temaveke dei siste dagar før jul. Det startar opp måndag 11. desember. Følg med dag for dag. 

Det blir kåring av beste klasse med ein permie på 1000 kr! 


I vekene som kjem, vil det bli sendt ut SMS til alle foreldre/føresette med invitasjon til å delta i Foreldreundersøkinga. Begge føresette blir invitert til å svare. Elevundersøkinga blir gjennomført på skulen. De finn meir informasjon om både foreldre- og elevundersøkinga i vedlegga til høgre.

Ny opplæringslov vart vedteken 09.06.23 og skal tre i kraft med verknad frå 01.08.24. Ei av lovendringane er at elevane på 8.- 10. trinn sjølve kan velja kva målform dei vil ha som hovudmål.  

Det går mot mørkare tider og me oppmodar om at me nå må finna fram refleksen igjen.

I samband med årets refleksdag torsdag 19. oktober, vil kvar ungdomsskuleelev få utdelt ein refleks frå Trygg trafikk designa av Maud Angelica Behn.


 

I dag rauk ein del i ventilasjonsanlegget vårt her på skulen. Ny del er bestilt og vil koma om to veker. Dette går ut over klasseromma i den gamle delen av skulen og biblioteket. Dvs elevane som går på 8. og 9. trinn. Me har snakka med verneombod og kommuneoverlegen og kome fram til at skulen går som vanleg, men med desse tiltaka:

Alle elevane må ut i kvart friminutt og klasseromma må luftast ut. Det kan luftast ved behov i timane. Heldigvis er pollensesongen over og det er ikkje veldig kaldt ute. Me vil sjå det an i neste veke og setja inn nye tiltak dersom det viser seg nødvendig.



Me har fått melding om at ein del elevar har problem med ipaden heime. Me har hatt store nettverksproblem på skulen i dag. Me beklagar dette og satsar på at det ordnar seg i løpet av skuledagen i morgon, torsdag. 

Velkommen til foreldremøte på Bryne ungdomsskule!

8. trinn: Onsdag 13. september kl. 18.00. 

9. trinn: Måndag 18. september kl. 17.30

10. trinn: Tysdag 19. september kl. 18.00

Møt opp i aulaen. Inngang til aula/bibliotek og inngang 1 vil vera opne. 

Me gler oss til å treffa dykk! 

 


Alle elevar ved Bryne ungdomsskule er velkomne til Åpen hall i Timehallen denne hausten. Dørene opner kl 20.00. 

Det blir fredagar: 

25.08
08.09
22.09
06.10
20.10
10.11
24.11
08.12


8. trinn
Kontaktlærarar:
8A: Jørn Gabrielsen + Christine Espeland
8B: Olav Skurve + Hege Oseland
8C: Mirijam Ueland + Helen Hetland Mori
8D: Signhild S Samuelsen + Kristian Mora
Faglærarar: Elisabeth Jørgensen, Hilde Jorunn V. Arnø, Christine N Dyrli, Elise E Dommersnes, Mirijam Vigre
Miljøpersonalet: Else Ege, Nadja Lode, Tonje H Haver
Avdelingsleiar: Iselin G Lothe

9. trinn
9A: Borghild Hognestad + Anny Sør-Reime
9B: Egil Pollestad + Øyvind Skuggedal
9C: Elin R Vik + Charlotte T Hansen
9D: Susanne Aarthun + Tale T Meling
Faglærarar: Anastasia Amosenkova, Alf Tore Gjesdal, Vegard Vik
Miljøpersonalet: Marthe A Fisketjøn, Liv O Grude 
Avdelingsleiar: Morten Erga Finsberg

10. trinn
Kontaktlærarar:
10A: Kristin H Thorsen + Norunn Tveit
10B: Anna M Vik + Anne Marie Jåtten
10C: Karen H Liland + Pål E Oftedal
10D: Andreas Kvitvær + Jonas Aa Trodahl
Faglærarar: Arnt Helge Esaiassen, Erling Knutzen, Gonzalo Gonzalez, Mari Edland, Linda Rogn
Miljøpersonalet: Renate Odland, Lise E Særheim, Brit K Wiig
Avdelingsleiar: Monica P. Norheim

Me vil ønska alle elevar og føresette ein god sommar. 

Første skuledag er torsdag 17. august kl. 8.00. Me gler oss til å bli kjent med alle dei nye 8. klassingane, og til å treffa alle "dei gamle" igjen etter ferien.

Nyt ferien!


I sommar vil det vera ei rekke tilbod til barn og unge i Time. Blant tilboda er aktivitetar som teater, speiding, idrett, foto og andre spanande aktivitetar.
Time kommune har fordelt støtte til frivillige lag og organisasjonar slik at dei kunne laga eigne opplegg for barn og ungdom i sommar. Alle aktivitetane er gratis eller har ein låg eigenandel. 
Informasjon om aktivitetane, tidspunkt og påmelding finn du på Time kommune si heimeside. 

Sommartilbod til barn og unge - Hovedportal (time.kommune.no)


Bryne ungdomsskule er sterkt representert i 17.mai-toget. Oppmøte på parkeringsplassen mellom Sivdammen og rådhuset. Me stiller opp i rekke 1 som nr 3, bak Bryne musikkorps. Det er lærarar frå alle trinn med og organiserer toget. På med finstasen (og varme klær), ta med flagg og møt opp kl 9.15.

Meir informasjon om 17.mai-feiringa finn de her: https://www.time.kommune.no/aktuelt/17-mai-2023.4153.aspx


Den kulturelle skulesekken (DKS) si nettside har skrive ein artikkel om når Bryne ungdomsskule hadde besøk av ein smed i februar og mars. Alle elevane på skulen smidde kvar si eldrake. Les artikkelen her.

Visma “Hjemmeweb” er erstatta med “Foresattportal”. 

Det er i hovudsak utsjånaden som blir endra. De vil ha tilgang til same informasjon og funksjonar som tidlegare. De kan framleis bruke den same linken som ligg på skulen si heimeside. 


Etter vinterferien skal skulen gjennomføra spørjeundersøking om mobbing, venskap og trivsel på skulen. Undersøkinga er ein del av arbeidet skulen gjer med å skape eit trygt og godt skulemiljø for alle
elevar på skulen i tråd med kapittel 9A i opplæringslova og FN sin konvensjon om barn sine rettar.

 


I fire veker framover er skuleplassen på Bryne ungdomsskule røyklagt. Det er ikkje noko dramatisk ved det, det er berre Den kulturelle skulesekken som er på besøk.
Smed Terje Granås lærer elevane om smedfaget, og dei får erfaring med oppfyring, manuell innblåsing av luft og bruk av ulike typar verktøy. Alle elevane får smi si eiga eldrake. Dei første klassane var «i elden» i dag, og alle klassane skal gjennom opplegget dei komande vekene. Så får me i andre fag reflektere over ordtak som å smi mens jernet er varmt, å vere sin eigen lykkes smed, å rette baker for smed, osv…

Sjå video og fleire bilete på facebooksida vår.