MATEMATIKKDAGEN BLEI EIN SUKSESS!
Publisert: 20.06.2010 skrive av: Anne Ki- fotograf
 |
| Populær matematisk fiskedam! |
Onsdag 16. juni feira vi den årlege "Mattedagen" i strålande sol, og med like strålande humør både hos elevar og lærarar.
Oppgåvene var varierte, og gruppene skulle blant anna rekne gjennomsnittslengd, idealtid, finne areal av sirkel, løyse oppgåver med dei 4 rekneartane, fiske i matematisk fiskedam(!), lage rekneforteljing, stille opp etter fødselsdato ved å bruke fingerspråk, gjere sannsynsrekning, og lage statistikk over farge og smak på Non Stop! Innsatsen var upåklageleg!
Vi hadde delt alle elevane inn i 10 grupper, og kvar gruppe besto av elevar frå 1.- 10. klasse. Dei eldste tok seg flott av dei minste, så alle og ein kvar såg ut til å kose seg. Målet vårt var at elevane våre skulle få:
- ein fagleg kjekk og utfordrande dag
- ei kjensle av fagleg meistring i lag med elevar frå ulike klassetrinn
- moglegheit til å lære kvarandre å kjenne utover klassesteget ein sjølv går i, og på den måten gjere elevane tryggare.
Dagen blei særs vellukka, og vi satsar på ein slik dag neste år, òg!
Fleire bilete: ----->
Kongesommer
Publisert: 25.03.2010 skrive av: adm
Nå er "Kongesommarbrosjyrene" i trykken, og skulane får dei rett over påske.
Nye tilråingar om sjukefråver ved svineinfluensa
Publisert: 03.12.2009 skrive av: Jostein løvtangen
Nasjonale helsemyndigheiter kjem no med nye retningslinjer vedrørande svineinfluensa.
Personar med influensa kan no gjenoppta arbeid/skule/barnehage tidligast 24 timar etter at dei er symptomfrie. Tidlegare anbefaling var 7 dagar etter at dei var sjuke.
Til deg på 10.trinn
Publisert: 16.11.2009 skrive av: adm
Fylkesmannen har laga brosjyra Til deg på 10 trinn med informasjon om eksamen, karaktersetjing og og klage på karakterar. Brosjyra er ei hjelp til elevar på 10. trinn i grunnskolen og til foreldre/føresette
Har du skiutstyr til overs? Ein ide om brygga til skulen?
Publisert: 09.11.2009 skrive av: Arvid Strand
Vi ønskjer å gjere opplevingar i naturen meir tilgjengeleg for elevane våre og viser til rektor sine innspel under opninga av Grunnskuleveka.
Då ser vi på to idear:





Mitt Barn
Publisert: 23.06.2010 skrive av: adm
HPV vaksine
Publisert: 21.09.2009 skrive av: frå helsesyster
” Fra høsten 2009 får alle jenter i 7. klasse tilbud om vaksine mot humant papillomavirus (HPV).
Sjå fleire artiklar >>