O-LØP + MATEMATIKK = SANT
Publisert: 07.06.2013
 |
| Her stemplar to jenter i småskulen for fullført o-løp! Sjå fleire bilete frå den særs vellukka aktivitetsdagen me hadde, torsdag 6.juni. |
Ikkje kast busskortet ditt!
Publisert: 03.06.2013 skrive av: Rektor

Skuleskysskortet verkar nemleg att etter sommarferien, sjølv om du byter skule til hausten. Les meir om dette i skrivet frå Kolumbus her:
Klatremus og dei andre dyra i hakkebakkeskogen
Publisert: 02.05.2013 skrive av: Rektor
 |
|
I dag har me berre gått rundt og smilt og vore så glade for at at me verkeleg klarte å kombinera det kjekke med det nyttige, - både med førestillinga, kafèen, utloddinga og alt saman, tysdag 30.04.:)
Tusen takk til alle dei flotte, flinke og arbeidssame elevane våre, til alle dei vaksne på skulen, til foreldra, til Torbjørg S.Olimstad, til publikum som stilte opp i hopetal, TUSEN TAKK ALLE SAMAN!
Ein stor fan av Hakkebakkeskogen har eg alltid vore. Eg synest nemleg Torbjørn Egner er så flink til å få fram det som samlar alle dyra, -sjølv om dei alle er vidt forskjellige, i staden for å peika på det som gjer dei ulike. Tenkjer ein slik blir det ofte lett å få venner!
Tilsaman samla me inn heile 28 000 kroner til skulen me støttar i Nepal!
Her er nokre bilete frå den store kvelden vår:
|
Velkommen!
Publisert: 22.04.2013 skrive av: Kari
Generalprøve
Publisert: 17.04.2013 skrive av: Kari
I dag fekk 3., 4. og 5. klasse i tillegg til nokre elevar på SFO vera publikum då skodespelarane i 6. og 7. klasse gjennomførte ei flott prøveforestilling på Hakkebakkeskogen. Så no kan alle gle seg til bygdakvelden på samfunnshuset 30.april!
Her kjem nokre bilete frå forestillinga i dag:
Kulturskule for alle i SFO-tida
Publisert: 10.04.2013 skrive av: Rektor
Frå skulestart i haust vil kulturskulen tilby kulturskuletilbod for elevar i småskulen. Tilbodet vil gå føre seg på skulen i SFO-tida, men er ope for alle elevar, sjølv om dei ikkje går i SFO.
Tilbodet er heilt nytt, så innhaldet er under planlegging og utvikling. Elevane vil få innblikk i og smakebitar på dei ulike tilboda i kulturskulen. Det kan ikkje tilsvara og erstatta det ordinære kulturskuletilbodet ein får som enkeltelev, men vil vil passa for dei som ennå ikkje veit kva dei ønskjer og har lyst til å bli betre kjende med i kulturskulen.
Meir informasjon og påmelding til tilbodet blir sendt med elevane heim som ranselpost denne veka.
Frohe Ostern!
Publisert: 27.03.2013 skrive av: Rektor
 |
| Påskeharen kom til Vinjar på besøk til 6. og 7. klasse siste skuledag før ferien, men elevane måtte jobba for å finna alle egga hans..Denne påskeharen kunne nemleg berre tysk! |
|
| |
Skogstrimmen 2012
Publisert: 11.03.2013
Her kjem resultata etter 22.sesong med Skogstrimmen.
Skidag 2013
Publisert: 26.02.2013
 |
| I Stavanger har dei sitt " tuttetre", medan elevane våre laga sitt eige "vottetre" under den flotte skidagen Vinjar skule hadde sist veke. Berre glade og smilande fjes å sjå heile dagen:) |
Innebandyturnering Dag 2
Publisert: 07.02.2013 skrive av: Jorunn
 |
Keeper med fokus på oppgåva!
|
God vinterferie til alle heimane!
Publisert: 07.02.2013 skrive av: Jorunn
 |
2.klassejentene har laga ei skjelpadde i vinterlandet!
|
 |
God vinterferie til alle saman:)
|
Innebandyturnering Dag 1
Publisert: 07.02.2013 skrive av: Jorunn
 |
Det vart akkurat så tett og spennande som venta, då skulen arrangerte innebandyturnering over to dagar for alle elevane på skulen. Først ute var elevane frå 4.-7.klasse. Elevane vart delte inn i lag på tvers av alder, etter at to elevar hadde hatt felles oppvarming for alle!
|
Snart JUL!
Publisert: 06.12.2012 skrive av: Kari
Det både lukta og smakte godt då 7.klassen inviterte heile skulen på julegraut i foajeen. Elevar i nissemodus tok imot alle gjestene og viste dei plass ved fint julepynta bord. Tor og Aslak ønskte velkommen og fortalde om mandelen i grauten, som Sigrid vart den heldige finnaren av. Og då nissene kom inn med store, rykande grautskålar, vart dei tome på ein augneblink. Som takk for grauten overrekte Kristin i elevrådet ei stor fruktkorg til klassen.
Blues for borna
Publisert: 16.11.2012 skrive av: Kari
Dette er en sang om sånne dager da du aldri skulle ha stått opp. Da allting går på tverke og de andre bare gliser rått... Slik begynner Lillebjørn Nilsen sin song "Blues når du var 15". Bluessongar er ofte små historier om heilt kvardagslege ting. Viss du har ein dårleg dag og vil at han skal bli betre, kan du spela ein blues, er det nokon som seier. Men blues er ikkje berre trist. Songane kan vera både triste, glade, tullete eller noko midt i mellom.
Leksehjelp for 5.-7.klasse startar opp tysdag 30.10 kl 13.15-14.15
Publisert: 29.10.2012

Alle blei med
Publisert: 26.10.2012
 |
| Gjennom meir eller mindre koordinerte arm-, fot- og rumperørsler på dansegolvet i gymsalen, gjorde Vinjareelvane oppfordringa frå NRK Super om å inkludera, seia hei og vera ein venn, til eit motto òg for Vinjar skule. |
Takk for maten, kjære Suldal Sanitetsforening:)
Publisert: 23.10.2012
 |
| Eit herleg måltid vart servert oss av sanitetskvinnene i Suldal dag! |
Skogstur til inntekt for TV-aksjonen
Publisert: 19.10.2012
 |
| Her er nokre bilete frå skogsturen som skulen arrangerte til inntekt for Tv-aksjonen 2012. 6.322 kroner er sendt TV-aksjonen frå Vinjar skule. |
Familesamling på Kulturhuset, laurdag 20.oktober!
Publisert: 17.10.2012
Ta med heile familien på familiesamling på Kulturhuset laurdag ettermiddag. Då varmar ein opp til TV-aksjonen i helga med mange aktivitetar rundt temaet menneskerettane. Les meir om arrangementet i invitasjonen som ligg ved.
God haustferie til alle heimane!
Publisert: 05.10.2012
 |
| Heile skulen dansar:) |
 |
| Kjekt med ny disse! |
Den europeiske språkdagen 26.09.2012
Publisert: 26.09.2012
 |
|
Språk opnar dører, står det på desse ballongane. Det trur me er heilt sant. Gjennom å læra språk får me både meir kunnskap og me blir kanskje meir nysgjerrige på å finna ut korleis andre folk i andre land har det. Det får oss kanskje òg til å tenkja litt meir over korleis me sjølve har det.
Den europeiske språkdagen vart oppretta av Europarådet i 2001 for å feira språkleg og kulturelt mangfald. EU har blant anna eit mål om at alle skulebarn i Europa skal læra seg minst to framandspråk alt frå barnetrinnet av, noko Vinjar skule alt er i gong med:)
|
Kjekt besøk!
Publisert: 12.09.2012
| |
| Rektor fekk besøk av denne kjekke og blide dama som verkeleg lyste opp kontoret tysdag ettermiddag:) |
|
| |
Varsla brannøving torsdag 20.09.2012
Publisert: 12.09.2012
I samband med Nasjonal brannøving skal Vinjar skule gjennomføra ei varsla brannøving, torsdag 20.09.2012
.
Vedlagt følgjer eit informasjonsskriv om nasjonal brannøving til heimane. Norsk brannvernforening er ein av mange aktørar som står bak denne aksjonen.
Glimt frå Gå til skulen aksjon 2012
Publisert: 12.09.2012
 |
| Alle elevane kom anten gåande eller syklande til skulen:) |
Bli ein vennskapar!
Publisert: 03.09.2012
Bestilling av skulemjølk
Publisert: 18.07.2012
Nå kan de legge inn bestilling av skulemjølk til skuleåret 2012/13.
Gå inn på www.skolemelk.no og legg inn bestillilng sjølv.