Meny
Velg seksjon Framside
Klasse 1
Klasse 2
Klasse 3
Klasse 4
Klasse 5
Klasse 6
Klasse 7
Klasse 8
Klasse 9
Klasse 10
Gå til Its Learning
Julefest

Ei magisk og frysningsfin stund då elevane frå 1. til 4.trinn hadde framvisning på julefesten torsdag 7.desember.

Eg trur dei fleste måtte opp og tørka ei tåre i auga då elevane frå 1. til 4. trinn hadde framvisning under årets julefest. Luciatoget med elevar frå 1.trinn starta festen. Det var eit flott innslag med julespel frå evangeliet av 2.trinn, før 3.trinn dansa tøft til "Bli med-dansen". Til slutt fekk vi eit par smakebitar frå 4.trinn si førebuing til MexicoLexico. 

Ei magisk julestemning senka seg då alle elevane avrunda framvisninga med julesangen "No er den heilage timen" ! 

Frysningane sit i enno sjå underteikna.

Med ønske om ei flott førjulstid til alle frå oss på Orre skule.

Main Image
Bilete 1 av 5