Meny
Velg seksjon Orstad læringssenter
Klasse 1
Klasse 2
Klasse 3
Klasse 4
Klasse 5
Klasse 6
Klasse 7
Klasse 8
Klasse 9
Klasse 10
Skogvegen 26 4353 KLEPP STASJON Vis på kart
Telefon: 51 78 55 00 Send e-post til oss
Redaktør: Jan Harald Forsmo, 469 44 273
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<januar 2018><<
januar 2018
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29303101020304
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt

Orstad læringssenter er eit tilbod for elevar i Klepp kommune. Det er i hovudsak eit grunnskuletilbod for elevar med autisme, store og samansette vanskar eller multifunksjonshemming. Elevane har så store utfordringar at inkludering i ordinærskule er vanskeleg. Det er 12 elevplassar ved senteret. Vi har eit eige sanserom, der ulike sanseopplevingar gir nye innfallsvinklar til initiativ, kommunikasjon og samspel. Vi skal bidra til at alle elevar får mogleigheit til å realisera sine evner og talent. Elevane skal kartleggast, forståast og få tilrettelagt undervisning på sitt nivå. Vårt mål er at vi skal skapa eit godt læringsmiljø for alle elevar. Dei elevane som har utbytte av det, fagleg eller sosialt, knyttast til sitt klassetrinn i ordinærskule og kan delta i enkelttimar der. Elevar ved Orstad skule kan også delta i aktuelle undervisningssituasjonar på Læringssenteret.  Nøkkelord hos oss er læringsforståing, spesialpedagogisk kompetanse, sosial dugleik og rettleiingskompetanse som kan bidra til Orstad skule sin visjon mål om «ein god stad å vera, ein god stad å læra» Andre kommunar kan kjøpa plass ved læringssenteret. Det er kommunalsjef for skule og barnehage som avgjer kven som får plass ved læringssenteret. Viss du er foreldre/føresett som har eit barn med samansette vanskar og ønskjer å sjå avdelinga er det berre å ta kontakt.

 Kontakt: Avdeling 51785525  

Pedagoger 51785526 

 Avdelingsleiar  93482437/51785510 

Mail: cato.wallin@klepp.kommune.no