Meny
Velg seksjon Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Gå til skulen aksjonen

Rosseland skule markerte måndag starten på "Gå til skulen" aksjonen 2016 /17.  Målet med aksjonen er at  barn og unge skal vera meir fysisk aktive. Barn bør vera aktive i leik eller annan aktivitet, minst 60 minutt kvar dag. «Gå til skulen» aksjonen skal stimulera elevane til dagleg fysisk aktivitet. Barn som går til og frå skulen, får brukt energi, dei er sosiale saman med venner og dei kan oppdage spennande ting på vegen. I tillegg set me fokus på tryggleiken på skulevegen og korleis elevane skal opptre i trafikken. Det går mot mørkare morgonar og det er viktig å bli sett, difor ber me alle om å ha refleks, allereie no.

Kick-off

Trinna var måndag 19.sept samla i aulaen og der vart dei informerte om den nye trafikkplanen til Rosseland skule.  I år har skulen fått eigen ressursperson som skal ha spesielt fokus på  arbeidet med trafikksikkerheit, Lise Emberland. Ho losa oss gjennom ei fin og informativ samling. I tillegg hadde me invitert Trygg Trafikk for å setja ekstra fokus på korleis elevane skal opptre i trafikken. Elevane var svært engasjerte, og fekk nok alle med seg gode tips på kva som er viktig når dei går / syklar i trafikken.

Aksjonen heiter « Gå til skulen», men dei elevane som har lov til å sykle /sparke kan sjølvsagt gjera dette. Dette dreier seg om å vera i aktivitet. Me ber foreldre om å motivera elevane til å gå/sykle/ sparke til og frå skulen. I tillegg til at eleven vert meir aktiv så er de med på å tryggje skulevegen og ikkje minst områda rundt skulen.   

Foreldre som likevel må køyra til barna til skulen, ber me om at de set dei av ved tennishallen eller langs Kong Haakonsgt ved Rosselandsbanen. Då kan dei gå trygt på sykkelsti heilt fram til skulen.Det er svært trongt og uoversiktleg oppe ved skulen. Spesielt på mørke morgonar. Me ber dykk under alle forhold om ikkje å køyra inn på skuleområdet. Den skal vera ein leikaplass for dei mjuke trafikantane, elevane.  

Ny trafikkplan fin de på heimesida under Overordna planar for skulen.

20. oktober vil Time kommune verta godkjent som "Trafikksikker kommune". Trygg trafikk vil gå gjennom dokumentasjon som er påkrevd og godta dette..