Meny
Velg seksjon Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Visma Flyt skole for føresette

Visma Flyt skole er ei nettbassert løysing der skulane i Time kommune legg inn informasjon om elevane. De som føresette har tilgang til dette programmet og kan følgje med på dykkar barn. De kan og laste ned nettsida til heimeskjermen på nettbrett og telefon, klikke på fullversjonen av skole og logge inn med ID-porten.

Lærarane fører fråver i Visma Flyt Skole. I tillegg så vert skjemaet til utviklingssamtalen lagt inn her. Når dette skjemaet er vert frigjort til føresette,vil trinnet informera dykk på vekeplanen. Dette vil variera noko frå trinn til trinn, ut frå tidspunkt for samtalar.

For å få tilgang til VFS må de logga inn gjennom ID-porten.( sikker innlogging offentlege tjenestar) Logg inn med MinID

De finn lenka til Visma Flyt skole under nyttige lenker Det er viktig at all informasjon på føresette er rett. Nederst i oversiktsbiletet får de opp ein boks med kontaktinformasjonen som me har påå deg som føresett. Her kan du sjølv redigera og legge inn ny informasjon. Det er viktig at dette vert jamnleg oppdatert. De kan kun rette på den føresette som er innlogga.

De kan også gje elektronisk samtykke. Under fana «Samtykke» kan de lese kva dette gjeld (infoikon) og gje dykkar samtykke. Dette gjeld for bading, fotografering, samling i kyrkja i skuletida, overføring av dokumentasjon ved skulebytte og transport i privat bil.