Meny
Velg seksjon Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Juleavslutning

Heile skulen var i dag samla til "Syng med oss" i aulaen.

Tusen takk til 5.trinn som hadde eit forrykande juleshow for heile skulen i dag! Samlinga starta med at vår eigen Unni fekk Jærbladet sitt fenalår, blant anna for den utrulege jobben ho gjer med "Gledespatruljen". Elevane sin respons var "Unni-klapp-klapp-klapp, Unni-klapp-klapp-klapp"! Me er alle stolte over det ho gjer for dei som fortener det. 

Så starta showet laga av 5. Trinn. Me fekk sjå dans, skodespel, parkour/akrobatikk og mykje lått og løye. Me som satt i salen fekk god underhaldning og me fekk syngja med.

Til slutt avslutta rektor med nokre ord. Han er så stolt over elevane og dei ansatte på Rosseland! Me ønska kvarandre GOD JUL!

Main Image
Bilete 1 av 49