Meny
Velg seksjon Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Songskattane

Ein stor flokk songfuglar hadde ei fantastisk framføring forrige torsdag. 

Torsdag kom våren til Rosseland skule! Ein stor flokk songfuglar hadde ei fantastisk framføring i aulaen. 4. trinn på Bryne og Rosseland skule har øvd hardt og lenge. Det merka me, for då dei endeleg fekk opna kista med ulike songskattar, fylde dei rommet med dei vakraste tonar og flott skodespel.Desse fuglane kunne både kvitra, hoppa og dansa. Det var ei koseleg og stødig førestilling og utan å røpa for mykje, kan det seiast at taket lyfta seg då Inger Hagerups "Så rart" vart sunge. Med tidsriktige klede, nydelege fletter og gode smil, gjorde elevane stas på utvalde songar og dikt av: Margrethe Munthe, Inger Hagerup, Alf Prøysen og Torbjørn Egner. Ein bør senda ein ekstra takk til alle vaksne som er med på å gjera dette prosjektet så fint. Takk til lærarar, musikarar, dirigent og andre som er involvert på ein eller anna måte. 

Om kvelden hadde dei og forestilling for dei føresette.

Unni

Main Image
Bilete 1 av 12