Meny
Velg seksjon Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Sommarhelsing

Endå eit skuleår er over. Eit år som har gått svært fort, tykkjer mange av oss. Samstundes ser me fram mot sommarferie med glade og late dagar saman med familie og vener. Nokre skal langt av stad, medan andre likar seg best rundt dørene heime.  

Det har vore eit nytt hektisk og innhaldsrikt år for oss på Rosseland skule. Skulen er i vekst, og me treng difor stadig nye tilsette. Samstundes er det nokre tilsette som søkjer nye utfordringar på ulike område. Me har difor brukt mykje tid på å få tak i nye gode lærarar. Me meiner at me har vore svært heldige med dei nye me har fått tilsett. Dei tilfører skulen viktig og oppdatert kompetanse!

Rosseland er ein flott skule -  på mange måtar. Kjekke og interesserte elevar, eit personale som gjer alt dei kan for at kvaliteten på skulen skal bli best mogleg – og engasjerte foreldre. 

Dette skuleåret har me halde fram med hurtigare bokstavinnlæring i den grunnleggande lese – og skriveopplæringa på 1.trinn. Den digitale satsinga i kommunen held fram. Frå hausten 2017 vil alle elevar på 1.-5.trinn ha kvar sin iPad som læringsverktøy. Frå hausten 2018 vil alle elevane i kommunen vera innrullert i satsinga. Dette forpliktar oss til å driva kontinuerleg skuleutvikling. Undervisninga må endrast, slik at dei digitale verktøya blir brukt på ein slik måte at kvar elev i større grad kan få tilpassa opplæring, og dermed kan ta ut meir av læringspotensialet sitt.

I løpet av september vil me få klart «Familiealbumet» vårt –  den nye skulekatalogen – der det vil vera bilete av alle klassar, elevar og tilsette.  Bileta av elevane som går her i år er allereie tatt.  Dei nye 1. klassingane frå hausten har vore på besøk og møtt lærarane sine. Både elevar og lærarar gler seg til hausten. Det er 83 nye 1. klassingar, som blir delte i 4 klassar. Elevane på 1.trinn skal fotograferast 22.08.2017.

Neste skuleår vil det vera 560 elevar ved skulen. Det betyr som de veit at me har vokst ut av det flotte bygget vårt. 7.trinn må ha sine klasserom i Timehallen. I løpet av skuleåret 2017-18 vil bygget til «gamle» Time vidaregåande bli pussa opp, for å vera klar til både 6. og 7.trinn frå hausten 2018. FAU har engasjert seg for å oppgradera uteområdet mellom bygga, slik at det blir eit heilheitleg område, som kan invitera barn og vaksne til ulike aktivitetar.  

Eg vil gratulera jentene og gutane på skulelaga våre i fotball med framifrå innsats også dette året. Gutane gjekk heilt til finalen, og for første gong i historia kunne dei løfta pokalen, og smykka seg med tittelen «Rogalands beste skole», som det stod i Jærbladet 21.06. Dette lovar godt for rekrutteringa av fotballspelarar på Bryne framover!  

Torsdag 22. juni er siste skuledagen. Elevane møter til vanleg tid og sluttar kl.12.00. Det blir «Syng med oss» i aulaen kl. 08.45, der 1.trinn har ansvaret. Etter samlinga går dagen slik dei ulike trinna har sett opp. Elevane kan ha med seg max 0,5 l brus/drikke og kjeks/kaker/ekstra god matpakke.

Til slutt vil eg ønskja dykk alle ein god og minnerik sommarferie!  

Helsing Geir – rektor