Meny
Velg seksjon Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Om å sykla til skulen.

Mange av dykk har sikkert sett og høyrt gjennom media at forskrifta til Opplæringslova §12 er endra, slik at det no er foreldra som bestemmer kva tid barnet er i stand til å sykla til skulen. Foreldra overtek då ansvaret for barna på skulevegen, og det er viktig for dykk å tenka nøye over dette valet.

Skulen har, i samråd med FAU, til no fulgt Trygg Trafikk si tilråding om at barn under 10 år ikkje bør ferdast i trafikken aleine. Difor har barna ikkje fått lov til å sykla før dei går i 5.klasse

Det som er den største utfordringa med å sykla til skulen, er at det kjem svært mange syklistar på ein gong, både til skulen vår og elevar som skal til ungdomsskulen. Då blir det ekstra krevjande å manøvrera sykkelen, og å få med seg trafikkbiletet rundt seg. Skulen vil difor på det sterkaste oppfordra dykk som foreldre til å følgja den praksisen me har hatt til no. Det vil vera den tryggaste løysninga.

Sjekk desse lenkene for meir informasjon:

Trygg Trafikk

Udir

Om du/de som føresette vurderer det slik at barnet trygt kan sykla til skulen, gjer de følgjande:

De må senda ei skriftleg stadfesting til rektor om at barnet får lov til å sykla til skulen. (Gjerne på mail). Skulen forventar at dei som syklar til skulen har på seg hjelm, anten det er vanleg sykkel eller sparkesykkel.