Meny
Velg seksjon Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Om køyring til skulen

Me vil oppfordra dykk foreldre til å ikkje køyra barna til skulen. Barn treng både frisk luft og mosjon!

Dessutan slepp me trafikkfarlege situasjonar i Dronning Maudsgate. Når mange køyrer her om morgonen, blir det fort kaos i gata. Det hindrar dei som bur i gata å koma ut frå eigendomane sine, og skapar farlege og uoversiktlege situasjonar for barn som kjem syklande og gåande til skulen. Dette blir absolutt ikkje betre når det no byrjar å bli mørkt om morgonen. Ingen må køyra inn på plassen foran gymsalen.

  Om nokon absolutt må køyra nokre gonger, kan de heller stoppa langs kunstgrasbanen i Kong Haakonsgate, eller ved tennisklubben og setja av barna der. 

Me ber alle om å respektera dette, til beste for alle partar!