Meny
Velg seksjon Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
100 -dagars fest for 1. trinn

1. trinn feira i dag at dei har gått 100 dagar på skulen. Dei har øvd godt i fleire veker og inviterte i dag til ei feiande flott førestilling på dagtid og på kveldstid.

På dagtid hadde dei invitert besteforeldrene og det var svært mange som hadde høve å koma. I tillegg hadde dei invitert 2.-4. trinn. Aulaen var full og på scenen stod det 80 spente 1. klassingar. Dei var fokusert på at det var no det gjaldt og gjennomførte føretillinga til terningkast 6.

På kveldsførestillinga var det foreldra som var inviterte og før førestillinga var dei var mest like spente som barna. Elevane gjennomførte nok ei flott førestilling som var svært varierande og innhaldsrik. Stolte barn og foreldre avslutta kvelden med felles kveldsmat saman med dei andre på trinnet. Ein ting er likevel sikkert, førestillinga hadde ikkje vorte så flott, og elevane hadde ikkje prestert like godt, utan kyndig, kjærleg og motiverande rettleiinga av dei vaksne på trinnet.

Tusen takk! 

Main Image

Bilete 1 av 6