Meny
Velg seksjon Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Dei reisande

Fredag 5. februar var DKS på besøk på Rosseland skule med produksjonen "Dei reisande". 

Romanifolket har vore ein del av det norske folket sidan 1500-talet. I ei tid utan internett, radio og TV bar dei med seg både folkemusikk og nye impulsar frå kontinentet, og mange av dei største spelemennene i norsk folkemusikk har vore av dei reisande. På same tid vart romanifolket òg utsett for undertrykking og overgrep frå storsamfunnet.

I samarbeid med Haugalandmuseene presenterer DKS Rogaland noko av den lokale historia og kulturen deira. Heile mellomtrinnet fekk ein konsert med songar frå det norske romanifolkets rike musikktradisjon.

Sjuande trinn vil òg få eit utvida tilbod i samsvar med deira læreplan. Mange av dei reisande livnærte seg som dyktige handverkarar, og sjuande trinn får prøva seg på romanifolkets handverkstradisjonar i lag med ein formidlar frå Haugalandmuseene. Denne økta vert på ca. to skuletimar.

Takk til Dei reisande for ei flott musikalsk oppleving!