Meny
Velg seksjon Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Skulebiblioteket

Gode tider på skulebiblioteket! Det har vore eit fantastisk år som leiar av skulebiblioteket. Skulen har fått inn mange nye bøker til eige bibliotek. Det meste kan me takka kakesalet for.

Enno er det nokre lappar i boksen, som snart skal nyttast til å få tak på fleire godbitar. For det er det me har! Nye bøker til elevar på alle trinn. Eg sonderer markedet for nye titlar, har kontakt med ulike forlag, les bokmeldingar, sjekkar ulike bok-forum, for så å kjøpa inn det som er «i skuddet» og som får gode anbefalingar.

Me har fått bøker frå folk som ser at me jaktar. Tusen takk til alle de som har donert bøker til skulen. Eg bytar til meg flotte bøker, to bøker for ei klase bananar er god butikk, spør du meg!

Ganske stas når eg etterkvart ser at det me har kjøpt inn, får diverse bokprisar, både i inn- og utland. Me er med i tida!

Det er stor trafikk i biblioteket. Elevane er ivrige etter å låne bøker. Dei spør stadig etter nye titlar. Om spesielle bøker dei ynskjer å lesa. Då er det kjekt å sei at: - den boka har me. Lærarane er flinke til å nytta høgtlesing, det går aldri av moten. Elevane likar når læraren les høgt for dei. Eg ser dei, mange gonger i veka. Anten lærar som les høgt, eller elevar som sitt med hovudet i boka. Det er mange gode lesesituasjonar på bygget.  

«Det å skrive eller det å lese, nærmere trolldom er det ikke mulig å komme» Tor Åge Bringsværd.

Med dette sitatet vil eg seia at me vil halda fram med å skapa magi, med å stimulera leselyst. Me vil prøva få tak i fleire nye bøker.

Det som ungane vil ha!

Unni


Main Image
Bilete 1 av 8