Meny
Val av side Framside
Besøksadresse: Svilandsveien 211, 4337 Sandnes Postadresse: Postboks 583, 4302 Sandnes Vis på kart
Telefon: SFO: 954 50 036 Send e-post til oss
Redaktør: Tore Lunde
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<april 2024><<
april 2024
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29300102030405
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Foreldreundersøkinga haust 2017

I denne veka sender me ut ein e-post til føresette for alle elevane. I den e-posten er det ein lenka til foreldreundersøkinga. Den er open ut veke 49. For å "motivera" til mykje svar har me i år også pizza til klassen med høgast svarprosent.

Ta kontakt med rektor Trond Fossum viss du har nokon spørsmål, eller viss e-posten ikkje kjem i din innboks. Det sendast ein e-post for kvar elev dykk har på skulen.

 Kva er formålet?

Formålet med Utdanningsdirektoratets Foreldreundersøking er at føresette skal få seie si meining om læring og trivsel på skolen. Resultata frå Foreldreundersøkinga blir ikkje sletta, men lagra forskriftsmessig og nytta av skolar, skoleeigarar og den statlege utdanningsadministrasjonen som ei hjelp til å analysere og utvikle læringsmiljøet. Data frå Foreldreundersøkinga kan òg bli brukte til forskingsformål.

Korleis blir undersøkingane gjennomførte?

Foreldreundersøkinga kan gjennomførast både vår og haust. Det er frivillig å svare på Foreldreundersøkinga. Du treng ikkje svare på undersøkinga. Du kan velje å hoppe over spørsmål dersom du opplever nokre av dei som ubehagelege, eller det er nokre spørsmål du ikkje vil svare på.

Behandlingsansvar og personvern

Den behandlingsansvarlege har ansvaret for å sikre at opplysningane blir behandla i samsvar med krava i personopplysningslova frå 14. april 2000 nr. 31. Det er berre den behandlingsansvarlege som har tilgang på grunnlagsdata. Utdanningsdirektoratet har delt behandlingsansvar med skoleeigarane for Foreldreundersøkinga. Den som svarer, fører ikkje opp namn, og det er lagt opp til svært strenge reglar for å vise resultata frå undersøkingane for både skolane sjølve, skoleeigarane og dei statlege utdanningsmyndigheitene. Dette er gjort for å redusere faren for indirekte attkjenning av personar som har svart.

Har du spørsmål?

For meir informasjon kontakt skolen din eller Utdanningsdirektoratet. Du finn òg mykje informasjon på www.udir.no/undersokelser.