Meny
Val av side Framside
Besøksadresse: Svilandsveien 211, 4337 Sandnes Postadresse: Postboks 583, 4302 Sandnes Vis på kart
Telefon: SFO: 954 50 036 Send e-post til oss
Redaktør: Tore Lunde
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<april 2024><<
april 2024
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29300102030405
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Opningsdagen "Traces of Europe"

For ein fantastisk dag torsdag 3. november var! For ein fantastisk gjeng me har på skulen! Då me fekk gjester frå Italia, Romania, Polen og Island stelte elevane og dei vaksne til ein gledens forestilling.

Varaordfører Pål Morten Borgli kom og hadde ein fin opningstale, der han ynskja gjestene velkomne, og ga oss eit bodskap om optimisme for framtidas Sandnes. Så fulgte eit tett program:

Alle elevane song "Stopp! Ikkje mobb!".

2. klassefulgte opp med dans og songen "Eg likar dei store øyrene dine". 

4. klasse sang "Puff the magic dragon" og viste fram dei flotte måleriene sine. Så viste dei fram sin "Shower dance" til stor jubel i salen.

7. klasse viste så ein glimrande linedance til den gjeve songen "Achy breaky heart". (Gjestane måtte læra seg den dansen seinare)

Så slutta me av med at alle elevane dansa og sang "Happy dance". Då er det umogeleg å ikkje smila!

Takk til alle elevane og vaksne på skulen for ein herleg oppleving. Stor takk til Renate og Ann Helen for alt arbeidet med å koordinera heile veka. Stor takk til Gudrun og 6. klasse for heimelaga lunsj på torsdagen, den var super! 

Dykk vil nok høyra meir og meir om prosjektet, nå er det godt i gang!

Venleg helsing Trond

Main Image
Bilete 1 av 89