SOS Barnebyar sin omvendte julekalendar.
Sviland skule vil i år, som tidlegare, delta på SOS Barnebyar sin omvendte julekalendar i desember.
Les under for å få meir info om kva omvendt julekalender eigentleg er.
Vi ynskjer å ha fokus på det å gje og hjelpe, i staden for å få.
Vi kjem til å sjå ein liten film kvar morgon, for å få eit innblikk i
korleis kvardagen er for andre born i verda. Vi håpar at elevane kan få nokre
småjobbar heime, og tene pengar til omvendt julekalender. Pengane i år går til
å bidra til at nokre av verdas mest utsette barn, får vakse opp med god omsorg
i ein stabil familie. Pengane går både til å hjelpe familiar som treng hjelp,
og til å opprette familiar i SOS-barnebyar. Pengane kan leverast i konvolutten
som elevane har fått utdelt, slik at gåva vert anonym. Det er sjølvsagt
frivilleg å bidra, men fint om konvoluttane kan leverast innan 1.des. Elles tek
vi sjølvsagt i mot i heile advent ;)
Les
gjerne på SOS Barnebyar si heimeside om omvendt julekalendar. https://www.sos-barnebyer.no/omvendt-julekalender
Her er litt av det som SOS-Barnebyar sjølv seier om opplegget sitt:
"Refleksjon, innsikt og nestekjærlighet. Omvendt Julekalender flytter fokuset fra å få til å gi i førjulstiden. Hver skoledag i desember tar vi med elevene på en reise for å besøke barn i ulike deler av verden. Gjennom film og bilder får elevene et innblikk i andre barns hverdag. En stemningsfylt start på skoledagen i desember!
Undervisningsmateriell i tråd med kunnskapsmål i læreplanen. For hver luke følger det med enkelt og engasjerende undervisningsmateriell som bygger oppunder kunnskapsmål i læreplanen. Det legges opp til refleksjon, samtaler og gøyale rebusoppgaver.
Verdens viktigste gave! Elevene gjør småjobber hjemme og pengene som samles inn bidrar til at noen av verdens mest utsatte barn får vokse opp med god omsorg i en stabil familie. Slik bidrar elevene som deltar på Omvendt Julekalender til at både liv og samfunn utvikles og bedres".