Vi inviterer til inspirasjonskveld for foreldre som
er tillitsvalde i barnehagar og skular i Klepp
Tirsdag 8. september
2015 kl 19.00 på Bore skule.
Vi må få ein mail til dagny.o.hetland@klepp.kommune.no
med kor mange som kjem frå kvar skule og
barnehage innan tysdag 1. sept.
Målgruppa er foreldre i barnehage og skule som er tillitsvalde, enten dei er foreldrekontaktar, klassekontaktar, medlemer i foreldrerådet sitt arbeidsutval (FAU), eller medlemer i samarbeidsutval og/eller driftsstyre og kommunalt foreldreutval for barnehage og skule. Siktemålet med samlinga er å visa eksempel som kan vera til hjelp i rolla som foreldretillitsvald. Det vil bli samtalar og drøftingar om korleis arbeidet som foreldretillitsvald kan utførast.
Felles:
Innleiing av
leiar i KFU – Øyvind Braut
Innspel av
Sigurd Aukland , Ingeborg Dubland og Helga Hope
Delt program: Her vel du ei av øktene:
For barnehage: Eksempel på godt
foreldre/barnehagesamarbeid v/Else Berit Hattaland - foreldre i Storhaug
barnehage og Laila Digranes –
assisterande i styrar Storhaug barnehage.
For skule: ”Best Pratice” i foreldre/skule
samarbeid. Kva kan vi læra av kvarandre? Kva kan eg som Foreldrekontakt/klassekontakt
gjera? v/Hanne Bloch Valebjørg –
foreldre Engelsvoll skule .
For skule: Kva gjer eg som medlem i
foreldreutvala (FAU)? Kva kan eg utretta og få til her? v/Knut Norddal – rektor
Orstad skule.
Felles bhg/skule: Konstituering og første møte
i kommunalt foredreutval for skule og barnehage. Eiga saksliste kjem. v/Øyvind Braut
Enkel serevering.
Klepp rådhus, 15.juni 2015
Ingeborg Dubland – rådgjevar