Meny
Velg seksjon Framside
Hovedadresse Lalandsvegen 410 4341 Bryne Telefon: 51786800 Send e-post til oss
SFO Lalandsvegen 410 4341 Bryne Telefon: 48886851 Send e-post til oss
Redaktør: Vibeke Sola
Det er 1 dokumenter i arkivet.
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<mai 2024><<
mai 2024
mtotfls
29300102030405
06070809101112
13141516171819
20212223242526
27282930310102
03040506070809
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Tverrfagleg prosjekt om Disney

I seks veker har skuledagane handla om Disney for oss på 3.trinn.
Me har starta kvar skuledag med å lesa Disney-bøker. Me har lært mykje om Walt Disney, om korleis det heile starta i 1928 med at han teikna Mikke Mus og korleis Disney Studio vaks og utvikla seg til det det er idag.
Elevane har laga ei digital bok om Disney. Dei har skrive Disney med stavskrift og lese Disney på engelsk.
Elevane har hatt munnleg presentasjon der dei fortalde om ei Disney bok og presenterte ei digital bokmelding om boka.
Me har laga film i IMovie, der me brukte green screen. Det har vore mykje song, dans og drama desse vekene. Og me har laga flotte Disney produkt i kunst og handverk-timane. Elevane har malt, perla og brukt laserprinter.
Det heile vart avslutta med ei flott fellessamling for heile skulen. Veldig kjekt at mange foreldre og hadde anledning til å koma og sjå kor flinke elevane på 3.trinn er.
Main Image

Bilete 1 av 32