Meny
Velg seksjon Framside
Hovedadresse Lalandsvegen 410 4341 Bryne Telefon: 51786800 Send e-post til oss
SFO Lalandsvegen 410 4341 Bryne Telefon: 48886851 Send e-post til oss
Redaktør: Vibeke Sola
Det er 1 dokumenter i arkivet.
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<mars 2024><<
mars 2024
mtotfls
26272829010203
04050607080910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
01020304050607
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Innskriving elevar f. 2010

Foresatte med elevar f. 2010 får i desse dagar eit brev om at dei har ein son/dotter som er registert som elev på Tu skule hausten 2016. Det er i  dag 39 namn på klasselista til neste års 1.klasse.Me gler oss til å møta elevane og heimane deira. Ta kontakt med skulen om du ikkje har fått brev av skulen innan 1.desember 2015.

Informasjon til heimane til elevar som skal byrja på skulen i 2016 finn de på sida 0.trinn i høgre meny på heimesida vår.

Våren 2016 vert det to foreldremøte og ein bli kjent dag på skulen som me ønskjer at alle kjem på.

Foreldremøte 1. onsdag 27.januar 2016 kl 19.00 – 20.00 – for foreldra

Foreldremøte 2 Onsdag 1.juni 2016 kl 19.00 – 20.30 – for foreldra

Fredag 3.juni 2016 kl 09.00 – 11.00 for borna. Me ønskjer at ein vaksen følgjer.

I tillegg kjem det nokre treff mellom born i Tu barnehage, Tjøttaparken barnehage og Tu skule. Born som går i andre barnehagar får og tilbod om å koma til Tu  skule eit par gonger våren 2016. Me understrekar at dette er tilbod og ikkje noko som alle må vera med på. Me informerer meir om dagar og opplegg på foreldremøte 1.

 

FORELDREMØTE 1 :

Onsdag 27.januar 2016  kl 19.00 - 20.00  

Informasjon om:

  • Skulestart
  • Fadderordning
  • Om å vera 1.klassing
  • Forventningar til skule - heim samarbeid
  • SFO
  • Informasjon om målform
  • Besøksdagar våren 2016 for barnehageungane

Dette møtet vert i aulaen på nye Tu skule.