Me er heldige som har ein flott akebakke!
Torsdag og fredag hadde me litt snø og i helga kom det endå meir- og no måndag ettermiddag snør det igjen.
Stort sett går leiken ute med 250 born i snøen på ein gong svært bra.
Elevane kan ha med eigne akebrett, ski eller kjelke. Alt utstyr må stå parkert ute.
Det er lov å kaste snøball på baksida av eine uvêrskuret til skulen, men ikkje på kvarandre.
Hugs å ha gode vinterklede. Det kan vera lurt med skiftetøy- og for dei eldste elevane.
Eit par ekstra varme sokker er godt å ha liggjande i hylla si.
Skulen har blitt oppfordra til å kutte lekser no medan det er snø. Det har me ikkje gjort. Elevane har stort sett få lekser.
Totalt sett har borna mykje utetid på skulen desse dagane.