Meny
Velg seksjon Framside
Hovedadresse Lalandsvegen 410 4341 Bryne Telefon: 51786800 Send e-post til oss
SFO Lalandsvegen 410 4341 Bryne Telefon: 48886851 Send e-post til oss
Redaktør: Vibeke Sola
Det er 1 dokumenter i arkivet.
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<april 2024><<
april 2024
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29300102030405
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
SKULEMÅLTID

Me har no hatt skulemåltid i nokre veker. Det fungerer godt slik skulen ser det. Dersom nokon ønskjer å vera med på ordninga frå og med veke 39 så kan dei melde seg på innan denne veka. Skulen må få ein mail eller lapp innan fredag 23.september.

(Denne meldinga kjem ut litt seint difor frist fredag 23.september. På nokre vekeplanar står det torsdag 22.september som var planen)

 

Bakgrunn:

Tu skule har søkt om å få drive med skulemåltid på Tu. Politikarar i Klepp ønskjer at me skal ha eit prøveprosjekt og Tu skule har fått pengar til eit 3 månadar langt prøveprosjekt med skulemåltid. Prøveperioden vil vera september, oktober og november. Det vil då vera mogleg for dei som ønskjer det å få servert skulemat kvar dag i denne perioden.  Maten som vert laga til skal seljast til sjølvkost. Me har rekna ut frå tal frå skular i Hå kommune at det vil kosta 11,- pr dag for elevane å få mat på skulen. Dette er ei ordning som de foreldre kan velje å takke ja eller nei til. 

Kva:

Elevane får brødmat. Pålegget er kvitost, brunost, salami, fårepølse, skinke, servelat, skinkeost, makrell i tomat, majones, kaviar og leverpostei. Det vert noko «grønt» til som agurk og paprika, men ikkje frukt. Endringar i pålegg kan kome ut frå kva me ser det går mykje/lite av. Elevar som har ulike allergi vert det alternativ til. Me vil i denne prøveperioden eta i kantina, både dei som vel å abonnera på mat og dei som held fram med matpakke.

Tysdag 6.september startar ordninga opp.

Siste påmeldingsfrist er fredag 23.september 2016. Siste måltid vert fredag 25.november

 

Pris:  

Pris pr barn med mat alle dagar frå og med veke 39 av og fram til 25.november 410,-

Pris pr barn i 1.og 6.klasse* med 4 dagar i veka 330,-

*Elevar på 6.trinn har mat og helse ein dag i veka og 1.trinn har uteskule ein dag i veka. 1.trinn held fram med å ha med matpakke kvar onsdag og betalar bare for 4 dagar i veka. 6.trinn betalar og for bare 4 dagar i veka. Andre kan ikkje velje å bare ha mat 4 eller færre dagar. Dersom elevane er sjuke eller har anna fråvær så har me ikkje moglegheit til å justere innbetalt beløp.  Dersom du lurer  på korleis me har kome fram til prisen - sjå nederst her.


 

Korleis melde på?

Alle elevar har fått heim lapp måndag 29.august. De kan levere lappen til lærar innan  eller de kan sende ein mail til skulen si adr. der de skriv:

  • Barnet sitt namn:
  • Stadfesting at de har betalt inn 410 eller 330 (1+6.klasse) for kvart barn til
    • konto nr.  3290 57 45769 
  • Hugs å merke innbetalinga med namnet til barnet
  • Påmeldinga må sendast til skulen seinast fredag 23.september kl 16.00
  • Opplysningar om evnt allergi

tu.skule@klepp.kommune.no

 


 

 

 

Pris er 560 for heile perioden. Utrekna ut frå dette:

Totalt 11 veker

  • Veke 36: Fyrste veka kostar 44 kr, (4 dagar) ·         
  • Veke 37,38,39, 40, 42, 43,44, 45 og 47 = 55,- pr veke (9 veker) ·         
  • I veke 46 er det og 4 dagar og det kostar 44 kr.

Totalt vert prisen for heile perioden 583,- kr pr barn for 53 dagar med mat på skulen. Ein av desse dagane må alle ha med seg mat ein dag fordi det vert uteskule for heile skulen. Prisen vert difor runda av til 560,- (5dagar i veka)

Det er ikkje mogleg å kome med etterbestillingar jamleg.

Me vil opne opp for moglegheit for å melde seg på ein gong til etter 14 dagar med skulemåltid.

Denne moglegheiten kjem med påmeldingsfrist 23.september og då kostar det 410 (5 dagar ) eller 330,-(4 dagar 1-6.klasse)