Meny
Velg seksjon Forside
Klasse 1
Klasse 2
Klasse 3
Klasse 4
Klasse 5
Klasse 6
Stangelandsvegen 100 4354 Voll
Telefon: 51789290 Send oss e-post
Redaktør: Mette Johnsen Monge
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<januar 2018><<
januar 2018
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29303101020304
Godt nyttår

Godt nyttår!

 

 

GODT NYTTÅR!

Håper alle har hatt ei fin jule- og nyttårsfeiring.

Vi starta vårsemesteret i går tysdag, vi var klar og elevane var klar - god start på 2018.

Vi vil rette ein stor takk til foreldra for deltaking i foreldreundersøkinga. Svarprosenten var 96 % og høg score!! Fantastisk resultat og best i Klepp. Vi er glade for den tilbakemeldinga de gjev oss. Vi scorer høgt på alle punkt, men det er nokre punkt som vi er særs glade for. Elevane trives godt på skulen, elevane opplever støtte frå lærar, godt samarbeid heim/ skule og vi har god dialog. I samarbeid med dykk skal vi ivareta dette.

Elevane kan oppleve nokre få endringar på timeplanen dette halvåret. Det skuldas endring i personalgruppa. Det er viktig at vi diponerer ressursane våre best mogeleg for elevane.

Utover våren fortset vi med fokus på Vurdering for læring og læringsbrett. Vi utvikler oss heile tida og tileigner oss meir kunnskap. Dette er positivt for elevane si læring og utvikling. I løpet av våren skal vi gjennomføre både matematikkveke og leseveke. Informasjon om desse vekene kjem etterkvart. Våren 2018 blir det ekskursjonar for alle elevane.  Det er ulike turar for dei ulike trinn. Til sist vil eg nemna Mexico Lexico for 4.trinn. Eg gleder meg stort til å sjå førestillinga.

Vi ser fram til godt samarbeid med dykk våren 2018

Mette J. Monge