Uteaktivitet for mellomtrinnet
Publisert: 18.01.2012 skrive av: smd
I dag var vi ute dei to siste øktene. Det var noe surt innimellom, men vi hadde eit kjempegodt bål som varma godt.
Sjette trinnn hadde laga pinnebrød deig og smårettear av laks, potet og grønsaker i sølv-papir ferdig til steiking på bålet. Elles steikte vi pølser og anna godt på bålet.
Kjekke og flinke elevar som trossa ver og vind og alltid har godt humør.
Leirskule
Publisert: 09.01.2012 skrive av: mhvl
Her kan dykk gå inn å lese og sjå film om leirskulen på Gullingen som vi skal reise til i veke 13.
www.gullingen.no

Det vil bli kalt inn til foreldremøte om leirskulen før vinterferien.
Vedtak i kommunestyret
Publisert: 14.12.2011 skrive av: smd
Vi beklagar det politiske vedtaket som blei fatta i kommunestyret tysdag 13. november, om å avvikle skuledrifta ved Vestly skule frå og med påske.
I dag starta vi dagen med fellessamling kor elevane vart informert om det politiske vedtaket. Dei hadde mange reflekterte tankar og spørsmål om saken.
Helsing lærarane på Vestly skule
FN-kafe
Publisert: 28.10.2011 skrive av: smd
Resultatet frå gårdagens arrangement blei kroner 7822.- i netto. Dette beløpet går til Raude Kross sitt hjelpearbeid ved Afrikas Horn. Vi takkar alle som møtte fram. Ein spesiell takk til klassekontaktane som hjalp til med premiar. Elevane gjorde ein framdragande innsats både i førebuingane, undervegs og i oppryddinga i etterkant. Passordet for å sjå bileta er det same som tidlegare.
Forfattatbesøk på biblioteket
Publisert: 20.10.2011 skrive av: smd
I dag traff femte trinn Grete Randsborg Jenseg, født i 1937. Ho er både dramatiker, skodespelar, forfattar og pedagog. Det var eit spennande møte.
Sjå fleire artiklar >>