Meny
Velg seksjon Framside
Klasse 1
Klasse 2
Klasse 3
Klasse 4
Klasse 5
Klasse 6
Klasse 7
Vinjar Skule 4237 Suldalsosen
Telefon: Hege Hiim Steine 92284585 Send e-post til oss
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
UTESKULEDAG FOR 4. KLASSE

I eit pøsande regnvær førebudde 4. klassingane seg til utedag i Mehushaugen!  Om det var nokon som murra over været? NEI! :) Det er ikkje dårleg vær, berre dårlege klar var omkvedet :)

I dag, onsdag 04.10. var det andre gongen me hadde uteskule i Mehushaugen. Fyrste gongen me var ute heile dagen var det kjempefint vær, men i dag var det GANSKE VÅTT! Likevel var alle ved godt mot og gleda seg til uteskuledagen. Likt som fyrste gongen, hadde me i dag og ein turbingo på vegen ut, noko som har engasjert elevane. Det gjeld å finna alle "tinga" som det er bilete av på arket. Sjølv om arket var i ein plastpose, hadde det blitt ganske vått på vegen ut....var ikkje så lett og sjå kva som var kryssa av.....

Då alle var komme på plass, fann elevane plass i lavvoen, sette frå seg sekken og var klar til skuledagen. Elevane er delte inn i grupper og jobbar saman med gruppa si i dei ulike aktivitetane me har. Åshild hadde med seg ei stor presenning som nokre av elevane, Isak og Renate skulle henga opp ute, for å laga litt meir plass med "tak over hovudet"! Ei gruppe var med Ellen Synnøve og laga bål inne i lavvoen, medan resten av elevane byrja å notere vær, temperatur, observasjonar av skogen osv. i bøkene sine. Dei lærte og at den kjempestore bekkjen i Vinjarnuten heitte Bjønnskårbekkjen! :) Det blei jobba med Kunst og Handverk i ulike former ute, nokre laga bilete, andre fiskestenger osv...og alle hadde det kjekt! Etter denne arbeidsøkta var det friminutt og mattid! God niste inne i lavvoen, og Åshild hadde med varm  solbærsaft.....det var godt å varma seg på. Etter "storfriminuttet" var det song for Marte, som blei 9 år i dag! Og mor, Else Kristin kom med nysteikte kanelboller til alle! HURRA FOR MARTE! :) Så var det tid for naturfag - og jobbing med Nasjonalparkar i Noreg! Alle jobba knallgodt! Den siste halvtimen blei det "Boksen av" inne ved speidarane sitt område.

Ei lita oppsummering før me gjekk attende til skulen: kva hugsar me om skogen rundt oss? Kva tre er det me ser, kva er likt og ulikt og kva heitte bekken i Vinjarnuten? Vel attende i klasserommet kl. 1340 hadde me ei lita evaluering. Korleis hadde dagen vore? Einstemmig frå elevane: VÅTT, MEN KNALLKJEKT! :) Har me lært noko? JA!  Kan ein som lærar få ein betre attest? :)

Main Image
Bilete 1 av 12