Denne veka hadde skulen matematikkdag for 1.-7.klasse. Elevane fekk prøva seg på mange oppgåver der dei både måtte tenkja logisk og praktisk. Tema var volum, areal, sannsyn og kombinatoritikk, mønster og symmetri, pengar, posisjonssystem og mykje meir:)
I matpausen var det elevrådet som stod for grillinga. Ein kjekk og lærerik dag for alle! Kjekt var det òg at nokre foreldre og besteforeldre tok seg tid til å vera saman med oss på skulen!