Publisert: 13. mai 2026 | Sist endra: 13. mai 2026 | Forfatter: Monica Penne Norheim

Vekinformasjon v. 21-22

Årshjulet 
Veke 21 blir endeleg ei “vanleg” veke, der det ikkje skjer noko anna ein masse god undervisning og nokre har praktisk prøve i mat og helse og fagsamtale i samfunnsfag. I veke 22 blir det igjen ei alternativ skuleveke med ein fridag, overnattingstur og fagdag. Årshjulet er oppdatert, så følg med på kva som skjer i dei siste vekene før sommarferien. 
 
Fridag 
Måndag 25. mai er det 2. pinsedag, og elevane har fri frå skulen. 
 
Overnattingstur 
Det blir overnattingstur 26.-27. mai på Brekko. Sjå eige skriv for organisering og pakkeliste. 
 
UTV fagdag 
Torsdag 28. mai skal me ha ein ny fagdag i utdanningsval. Elevane skal bli kjende med 3 nye utdanningsprogram på vidaregåande skule. Elevar frå andre skular i kommunen kjem og blir med oss.