Publisert: 26. august 2026 | Sist endra: aldri | Forfatter: Ellen Marie Svendsvoll

Levering og henting av elevar på skule og Sfo

Vi ser at fleire føresette køyrer inn på skuleområdet. Dette er ikkje tillate. Det er forbode å køyre inn både på barneskulen og ungdomsskulen sitt område.
Skiltet ved innkøyringa til skuleområdet viser at innkøyring er forbode mellom kl. 07.00 og 17.00.
De kan sleppe av barna i droppsona nedanfor barneskulen, eller parkere ved Ebeneser og følgje barna opp til skulen.
Vi ber om at alle respekterer dette forbodet, slik at skuleområdet blir ein trygg stad for elevane.