Publisert: 26. oktober 2026 | Sist endra: aldri | Forfatter: Ellen Marie Svendsvoll
Marte Meo i praksis på Bore SFO
Marte Meo i praksis på Bore SFO
På Bore SFO har vi over fleire år satsa målretta på Marte Meo som metode. Dei siste fem åra har tilsette gjennomført opplæring for å bli Marte Meo-praktikarar. Vi har bygd stein på stein gjennom eit grundig, systematisk og langsiktig arbeid for å styrkje kvaliteten i møtet med barna.
Resultatet er at vi i dag i større grad ser barnet bak åtferda og møter barna der dei er, framfor å vere opptekne av situasjonen i seg sjølv. Vi følgjer initiativa til barna, anerkjenner kjenslene deira og arbeider medvite for å skape tryggleik og gode relasjonar.
Dette blir også lagt merke til av andre. I ulike møte får SFO-tilsette tilbakemeldingar om at Marte Meo-prinsippa kjem tydeleg fram i praksis. Dei tilsette blir skildra som kloke vaksne som ser heile barnet, møter behova bak åtferda og bidreg til trygt og godt samspel.
Som ei anerkjenning for dette arbeidet har Bore SFO blitt sertifisert med Gullskiltet frå Sterk Marte Meo. Denne utmerkinga stadfestar den store innsatsen dei tilsette har lagt ned over tid, og viser at Bore SFO har etablert ein sterk samspelskultur der barna blir møtte med tryggleik, anerkjenning og omsorg.
Vi er stolte av reisa vi har vore gjennom, og av at det målretta arbeidet vårt gjer ein forskjell for barna kvar einaste dag.
Målet vårt er at alle barn skal oppleve:
«Eg blir sett, forstått og teken på alvor.»