Publisert: 22. oktober 2025 | Sist endra: aldri | Forfatter: Elin Aanestad
FN-dagen 24.10.25
Fredag 24.10.25 blir en annleis-dag på skulen. Då vil trinna markera FN-dagen. Skulen har også i år bestemt seg for å støtte det gode arbeidet til Idas Hjelpefond: https://idashjelpefond.no.
Det er fint å retta blikket litt utover oss sjølve og slik bidra til å hjelpa andre mennesker som treng hjelp/støtte. Dette vil vera vårt fokus på skulen denne dagen, at me i Norge lever i eit godt land og at det er fint å kunna hjelpa andre mennesker i ein vanskeleg situasjon.
Dei ulike trinna arrangerer ulike aktivitetar denne dagen. Det blir ingen faste prisar og/eller beløp som skal betalast denne dagen. Skulen oppfordrar dei som kan/vil om å overføre eit valfritt beløp på Vipps til Idas Hjelpefond. VIPPS Bryne skule: 772411 (Merk overføringa “Idas hjelpefond”).