Publisert: 03. februar 2026 | Sist endra: 03. februar 2026 | Forfatter: Gunn Rita Fisketjønn
Invitasjon til felles foreldremøte for Bryne skule
Tid: Tysdag 10.februar kl. 19-20
Stad: Aula Bryne skule
Tema for dette foreldremøtet er digital praksis. Det er mykje diskusjon og til tider stort engasjement i samfunnsdebatten kring nettbrett og skjerm. Kva er god og fornuftig bruk av skjerm? Kva tid blir bruk/praksis skadeleg og usunt?
Utfordringar knytt til digital praksis gjeld for oss alle i både skuletid og heime/fritid:
*Bruker me for mykje tid på skjerm?
*Kva bruker me skjermane til (både i skule og i fritid)?
Initiativet “Smartmobilfri barndom” er eksempel på eit foreldreinitiativ som set lys på utfordringar knytt til digital praksis i samfunnet. Bryne skule inviterer til felles foreldremøte kor me set lys på nokre av desse utfordringane.
Programmet blir slik:
*Velkomen v/Jone Siqveland (rektor)
*Digital praksis i Time kommune v/Asbjørn Hjørnevik (rådgjevar digitalisering Oppvekst)
*Digital praksis på Bryne skule v/Elin Aanestad (avd.leiar)
*Digital praksis i heim og fritid v/helsesjukepleiarar
*Innspel frå elevrådet
*Drøfting og høgttenking i lag – kva betyr dette for oss?
*Smartmobilfri barndom v/Thomas Rake (FAU)
Håpar på godt oppmøte og stort engasjement!
Beste helsing
Jone Siqveland, rektor