Publisert: 27. mars 2026 | Sist endra: 27. mars 2026 | Forfatter: Mona F. Bjaanes
Påskeaktivitetar på SFO – veke 15
I veke 15 gjennomførte SFO eit «påske-OL» med ulike aktivitetar. Elevane deltok i lengdehopp, erteposekast, 60-meter, ballkast, springing rundt skulen og øvinga «90 grader». Det var stor innsats og god stemning, og me fekk mange dyktige vinnarar.
På fredag hadde me ei mataktivitet der dei som ønskte, fekk laga fruktsalat og gryn til måltidet. Elevane på 3. og 4. trinn hadde òg påskeforming denne dagen.
Dette vart ei kjekk og variert veke for alle på SFO.
Me ønskjer alle ei riktig god påske.