Publisert: 30. april 2026 | Sist endra: 30. april 2026 | Forfatter: Mona F. Bjaanes

For ein dag – og for ein fest!

Onsdag feira vi den store SFO-dagen, og det vart ein heilt super dag på Bryne SFO. Barna fekk boltre seg med leik og aktivitetar.
I gymsalen var det Tarzan-løype med mykje glede og meistring, medan andre kosa seg med kreativ leik med papp. Nokre var på oppdagingsferd og fanga små krypdyr, og mange hadde det kjekt i sandkassen.
Før all leikinga starta fekk alle barna kose seg med pizzabollar og smoothie – og som prikken over i-en hadde vi strålande ver!
Dette vart ein dag fylt med glede, fellesskap og gode opplevingar for både små og store 😊

God langhelg!