Publisert: 29. mai 2026 | Sist endra: aldri | Forfatter: Monica Penne Norheim
Vekeinformasjon v. 23-24
Siste vekeplan for skuleåret! Følg med på vekeoversikten og årshjulet!
Det er ein del alternative dagar og vanlege skuledagar med fagleg læring og ulike vurderingar i dei neste vekene! Trinnet har og spart opp ein del avspaseringar pga overnattingsturen, Hei verden-kvelden, elevbedriftskvelden og skituren. Me har fordelt desse timane utover i dei neste 3 vekene. Første avspasering blir fredag 5. juni, då 10. trinn har munnleg eksamen denne dagen. I tillegg blir det halv dag 12. juni, då mange lærarar på trinnet skal vera sensorar på andre skular.
Tinghaugløpet - “Løp for livet”
Kommunen arrangerer “Stafett for livet” lørdag 13. juni for første gong i Sandtangen, som skal vera ein stafett over 24 timar, der blant anna ordføraren skal springa. Stafetten er eit årleg arrangement som Kreftforeningen har. Kreftforeningen oppfordrar skulane til å arrangera ein stafett eller eit løp for å hedra, støtta og heia på dei som blir ramma av kreft i eige lokalmiljø.
Kvart år arrangerer me Tinghaugløpet som er eit løp frå Bryne kyrkje, opp til Tinghaug og tilbake igjen til kyrkja. I år skal dette vera 5.-6. time onsdag 10. juni. I år blir derfor Tinghaugløpet endra til “Løp for livet”.
Ipad og bøker
Elevane sine ipadar er blitt gamle og treige! Me er heldige og skal få nye ipadar til 10. trinn. Dei gamle ipadane skal bli samla inn torsdag eller fredag i veke 24 eller måndag i veke 25. Finn fram ladar, deksel og ipad! Klassane får beskjed kva for ein dag dei skal levera.
Alle bøker skal og leverast inn måndag og tysdag i veke 25.