Publisert: 16. oktober 2025 | Sist endra: 16. oktober 2025 | Forfatter: Lise Følgesvold Pedersen
Refleksdagen 2025
Tusen takk til FAU, morgonfriske 7.klassingar og trafikkpolitiet for markering av refleksdagen 2025.
I samarbeid med Trygg Trafikk og Klepp Energi markerer skolen og FAU starten på refleksaksjonen 2025 med utdeling av refleksvest til alle elevane. Målet er å minne elevane om å bruke refleks nå som mørketida kjem.
For å bidra til gode vanar, tel lærarane opp elevar som kjem med refleks kvar morgon i ein god periode. Steget med størst andel elevar som jamnleg bruker refleks, mottar ein premie frå Trygg Trafikk til klassen.