Publisert: 05. august 2026 | Sist endra: 02. august 2026 | Forfatter: Tone Bjørnsen
Skulemjølk
Dersom de ønskjer at barnet dykkar skal få mjølk, juice eller liknande på skulen, må de som føresette bestille dette sjølve.
De kan enkelt bestille ved å trykkje på lenkja og logge inn. Der kan de velje kva barnet skal ha, og eventuelt kva dagar barnet skal få det.
Det tek vanlegvis eit par veker frå de legg inn bestillinga til barnet får produktet på skulen. Dersom de bestiller no, vil barnet kunne få det frå skulestart 😊
www.skolelyst.no