Meny
Velg seksjon Framside
Øygarden 21 4235 Hebnes
Telefon: 45611928 Send e-post til oss
Redaktør: Tanja Bergby
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<april 2024><<
april 2024
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29300102030405
Marvik skule er ein trivselsleiarskule

Trivselsprogrammet er eit aktvitetsprogram leia av elevar frå 4. - 7. klasse. Som trivselsleiar skal elevane organisera ulike aktivitetar i friminutta som skal bidra til betre samhald og tryggare skulemiljø.

Gjennom Aktiv TL-undervisning skal Trivselsprogrammet også leggja tilrette for økt fysisk aktivtet i skulen saman med andre undervisningsaktivitetar. 

 

Målet med trivselsprogrammet er å: 
- Auka trivsel på skulen for elevane
- Auka og meir variert aktivitet i friminutta
- Auka og meir variert aktivitet i undervisninga
- Bygga relasjonar og venskap
- Førebygga konfliktar og mobbing
- Gi inkluderande, venlege og respektfulle elevar. 

Trivselsleiarane har eit særskilt ansvar for å inkludera alle elevane.

Alle trivselsleiarar får opplæring i nye aktivitetar på leike- og aktivitetskurs, der får dei også tips om korleis dei skal opptre som leiarar, kva som er viktig for ein trivselsleiar og innlæring av viktige verdiar som å inkludera, vera venleg og å visa respekt.