Mellomtrinnet jobbar med temaet magnetisme og elektrisitet i naturfag. Les meir om nokre av dei praktiske oppgåvene elevane har fått!
For å forstå prinsippet i korleis ein generator genererer straum, har elevane fått prøvd seg på ulike praktiske oppgåver dei siste vekene. I dag har me jobba med korleis ein dynamo fungerer og at det er ein miniversjon av det som skjer inni ein generator i til dømes eit vasskraftverk. Me har lært at me treng ein del kraft for å få magnetane og spolane til å reagere med kvarandre, slik at me får generert straum så lyspæra lyser.
Ein skal ikkje sjå vekk i frå at nokre av elevane ønskjer ein liknande yrkesvei i framtida, for dette temaet skapar engasjement og motivasjon for læring!