Meny
Velg seksjon Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
God haustferie!

I dag var skulen samla til "Syng med oss". 6.trinn hadde ansvar for denne samlinga.

Det var mykje kjekt å sjå på og fin musikk. Det var eit stødig sangkor, med herlege sangfuglar. Elevane på 6.trinn hadde skrive fine haustdikt der dei oppmodar alle til å nyta dagane, samt hugsa refleks på mørke kveldar. Me fekk og gode tips til korleis laga kakao. Både cowboyar og elgen var framme på golvet og me kan gleda oss over nok ei flott framsyning.

God haustferie til alle.

Hugs refleks!

Main Image
Bilete 1 av 12