Meny
Velg seksjon Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
FLL First Lego League Explore

4A og 6A har no i haust vore med på ein kunnskaps- og teknologikonkurranse som vert kalla First Lego League.

4A og ein klasse på 6.trinn har no i haust vore med på ein kunnskaps- og teknologikonkurranse som vert kalla First Lego League. Konkurransen strekk seg over 8 veker og blei avslutta med ei turnering på Vitenfabrikken i Sandnes. Målet med konkurransen er å inspirera barn og unge til å bli framtidas ingeniørar, forskarar og problemløysarar.

4A fekk fortelje foran 3 dommarar kva dei har jobba med, og vist fram kva lego dei hadde programert. Tema i år var "Masterpieces".Elevane viste fram kva hobbyar og interesser dei har ved hjelp av plakatar og lego.. På tirsdag fekk dei saman med 6a vise prosjektet for alle dei andre elevane på skulen.

Main Image
Bilete 1 av 13